Dempsey sluttar i KIL

Mark Dempsey sluttar som trenar i Kongsvinger. Det melder Glåmdalen. Engelskmannen tok over laget tidlegare i år. Han har bestemt seg for å flytte attende til England, og seier at han og klubben derfor har vorte samde om å avslutte kontrakten.