Hopp til innhold

Tove Mette (58) har Alzheimer: – Nokre gongar er det vondt å ikkje få ting til

Demenstala vil doble seg dei neste tiåra. No tar kommunar over heile landet grep.

– Eg har ingen energi i hovudet mitt lenger til å gjere noko. Det nyttar ikkje.

Tove Mette Bjørnstad ser ut av vindauget i leilegheita ho deler med kjærasten Torill Spidsberg på Tretten i Øyer kommune i Gudbrandsdalen.

Ho fortel om livet med Alzheimer. Ei diagnose ho har hatt sidan 2018.

– Eg er i grunnen ferdig med den følsame tida. No tek eg dag for dag.

Det er lenge sidan ho måtte slutte i jobben som kjøkkensjef.

Demens

Tove Mette Bjørnstad har levd med Alzheimer-diagnosen sidan 2018. Framleis er det mange ting ho klarer, men ho slit med å hugse detaljar i kvardagen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Tove Mette Bjørnstad har levd med Alzheimer-diagnosen sidan 2018. Framleis er det mange ting ho klarer, men ho slit med å hugse detaljar i kvardagen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det var tungt, eg elska jobben min, fortel ho.

Sjølv om Tove Mette lever ganske bra med sjukdommen, pregar den kvardagen.

Gradvis har livet blitt litt og litt mindre. No held ho seg mest heime i leilegheita.

– Ho har mista litt av det ho kunne før, seier Torill Spidsberg.

Ho fortel om ein kjærast som likte å lage mat til mange.

– Og Tove Mette var veldig glad i å danse. Det har minka med tida, rett og slett fordi energien ikkje er der.

Tove Mette og  Torill

Kjærasten Torill Spidsberg og hunden Timian er til god hjelp og støtte for Tove Mette Bjørnstad.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kjærasten Torill Spidsberg og hunden Timian er til god hjelp og støtte for Tove Mette Bjørnstad.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Dobling av demenstala dei neste tiåra

Onsdag kom nye tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at det vil bli fleire eldre i Noreg i åra framover.

I Nasjonale befolkningsframskrivinger er det venta at omlag ein av fem nordmenn vil vere over 70 år i 2050.

Rapporten viser også at talet på 80 åringar vil doble seg. I 2100 vil dei som er 80 eller eldre utgjere nesten ein million menneske.

I takt med denne utviklinga vil også talet på personar med demens stige.

Ifølge demenskartet.no er det 101.118 personar med demens i Noreg i dag. Det svarar til 1.88 prosent av befolkninga.

I løpet av dei neste 20 åra vil dette talet truleg doble seg.

Fryktar du å få demens?

– Skal vi klare å ta godt vare på dei som blir råka, treng vi eit lag av gode hjelparar, seier Mina Gerhardsen.

Ho er generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

I 2050 spår forskarane at det vil vere nesten 240.000 personar med demens her i landet. Eller nesten 4 prosent av oss vil ha ei eller annan form for demens.

Derfor har Nasjonalforeningen oppmoda alle kommunar i landet om å forplikte seg til å bli ein såkalla demensvennleg kommune.

Til no har over 190 kommunar og bydelar signert avtala med foreininga. Over halvparten av alle kommunar i landet er dermed med.

Innlandet blir første demensvennlege fylke

Denne veka skreiv Øyer kommune under avtala om å bli demensvennleg som siste kommune i Innlandet.

Dermed er Innlandet det første fylket i landet der alle kommunar har blitt med i samarbeidet.

Mina Gerhardsen og Anne Marie Sveipe

Mina Gerhardsen snakkar til formannskapet i Øyer under signeringa av avtalen der kommunen forpliktar seg til å bli demensvennleg. Ordførar Anne Marie Sveipe til venstre.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Mina Gerhardsen snakkar til formannskapet i Øyer under signeringa av avtalen der kommunen forpliktar seg til å bli demensvennleg. Ordførar Anne Marie Sveipe til venstre.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi som kommune må stå rusta til å ta vare på dei som blir sjuke. Derfor er dette viktig for å auke kunnskapen, seier Anne Marie Sveipe som er Høgre-ordførar i Øyer.

Som ein del av avtala skal tilsette i både privat og kommunal sektor på kurs for å lære meir om korleis dei best mogleg kan møte og handtere personar med demens.

Les også Demenssyke Trude (63) kurser næringslivet

Trude Malmo Johansen og Silje Gillund sitter på en benk i solen.

Rekninga for kursa tar Nasjonalforeningen for folkehelsen. Akkurat det set ordføraren ekstra pris på.

– Det gjer ikkje noko det, smiler ho.

No håpar ho at verksemder i servicenæringa i Øyer vil komme på kurs.

– Dette har vi mykje å tene på. Så eg vil oppmode både verksemder og tilsette om å bli med på dette.

Mina Gerhardsen er glad for at heile Innlandet fylke no har forplikta seg til å skape eit meir demensvennleg samfunn.

– Det at alle kommunar i Innlandet no har sagt at dei vil vere med på demensdugnaden som første fylke, er vi veldig glade for, seier ho.

– No håpar vi at det blir konkurranse om å bli fylke nummer to på den lista. Det treng vi for å klare å møte veksten i talet på demens framover, avsluttar generalsekretæren.

demens

Anne Marie Sveipe og Mina Gerhardsen med den signerte avtala.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Anne Marie Sveipe og Mina Gerhardsen med den signerte avtala.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Trur på ei god framtid

Tove Mette Bjørnstad og Torill Spidsberg håpar avtala kommunen har skrive under på kan gjere det litt lettare for personar med demens å gå på butikkar og offentlege kontor.

– Det vil jo gje dei ei kjensle av meistring dersom dei kjenner at dei ikkje fell utanfor samfunnet, seier Torill Spidsberg.

Demens

Tove Mette er glad i å spele kort med kjærasten Torill. Men vri-åtter er det einaste spelet der ho framleis hugsar reglane.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Tove Mette er glad i å spele kort med kjærasten Torill. Men vri-åtter er det einaste spelet der ho framleis hugsar reglane.

Foto: Arne Sørenes / NRK

For Tove Mette Bjørnstad er det viktigast å kunne få bu heime og klare seg sjølv så lenge som mogleg. Og det har ho stor tru på at ho skal få lov til.

– Heimetenesta har trygga meg så på at det skal eg få, så det er ikkje noko problem. Dei skal hjelpe meg, og det er veldig, veldig bra, legg ho til.

Lene og Ida på tur på 80 tallet

Bestevennen min har fått Alzheimer

Flere saker fra Innlandet

Marie Carlsen i grønnsaksdisken i butikken.

Slik tar du grønare val i sommar