Dei omkomne i dødsbrannen kan ha hatt ei konflikt

MOELV/BRUMUNDDAL (NRK): Politiet seier dei har fått opplysningar om at dei to som er funne døde i brannen i Moelv hadde ei konflikt. No veit ein sikkert kven dei to er.

Krimteknikere jobber på taket på den nedbrente hallen i Moelv

DØDSBRANN: Begge personane som vart funnen døde i industribygget som brann i Moelv onsdag, er no identifisert.

Foto: Sverre Holm-Nilsen / NRK

Den foreløpige obduksjonsrapporten av den andre personen som vart funnen omkommen i brannen i Moelv, viser at det er mannen som tysdag vart meldt sakna frå Gjøvik.

Politiadvokat, Sten Floor Nelson seier det gjer at dei no kan spisse etterforskinga meir framover.

– Det interessante for oss no er å kartlegge bevegelsane deira før brannen, seier Nelson.

Han har fortalt tidlegare at dei to som er funne døde kjente kvarandre og har hatt kontakt. Politiadvokaten bekreftar no at dei kan ha krangla.

– Vi er kjent med opplysningar som går på at dei har hatt ei konflikt, seier han.

Vi er ikkje kjent med kva konflikten handla om.

Meiner det er skjedd noko kriminelt

Politi og Kripos har gjort undersøkingar på branntomta og har sikra mange spor dei siste dagane. Det som er funne gjer at dei er styrka i trua på at det har skjedd noko kriminelt.

– På bakgrunn av spor og undersøkingar som er gjort siste døgn er vi styrka i trua på det. Eg kan ikkje gå i detalj på det, men det er ein sum av opplysningar, seier Nelson.

Sten Floor Nelson

Steen Floor Nelson er politiadvokat i saka.

Foto: Tom Haakenstad / NRK

Dei to døde har framleis status som fornærma i saka. Nelson seier dei etterforskar saka breitt og det kan framleis vere snakk om at fleire personar er involverte.

– På noverande tidspunkt kan vi ikkje utelukke det. Vi har ingen som er sikta eller andre tredjepersonar, seier han.

Politiet har drive ei omfattande rundspørjing i området, men har ikkje fått tips som er av interesse. Dei sjekkar også andre plassar og bilen til den første personen som vart funne død, som stod igjen på utsida av branntomta.

– Det er sjølvsagt adresser der dei to har vore har vore interessante for politiet. Bilen er teke i beslag for vidare etterforsking, seier politiadvokaten.

Sakna sidan tysdag

Mannen som vart funne død i ruinane torsdag ettermiddag, har ein no bekrefta at er mannen som var sakna på Gjøvik. Han vart meldt sakna tysdag.

– Vi hadde ein aning om at det kunne vere denne personen, seier politiadvokat Sten Floor Nelson.

Fram til fredag var det store leiteaksjonar etter mannen på Gjøvik. Politi, fleire frivillige og helikopter deltok i leitinga.

De pårørande i saka er orientert.

Fredag ettermiddag bekrefta politiet at dei har fått identiteten til personen som vart funnen onsdag.

Politiet meiner dette er personen som jobba på taket den dagen det byrja å brenne i industribygget.

Politiet undersøker brannstedet i Moelv

UNDERSØKER: Kripos og krimteknikarar undersøkte næringsbygget i Moelv som brann onsdag.

Foto: Sverre Holm-Nilsen / NRK

Jobbar vidare med etterforsking

Det er ukjend kva som starta brannen, men politiet jobbar etter ein hypotese om at noko kriminelt kan ha skjedd.

– Undersøkingar vi har gjort, styrker teorien om at det er ein kriminalsak, seier Nelson.

Kripos hjelper til i etterforskinga, både teknisk og taktisk. Spor dei har funne til no er sendt til analyse hos Kripos og branntomta er framleis sperra av.

Politiet har ingen kommentar om dødsårsak på noverande tidspunkt, då obduksjonsrapportane dei har fått no berre er dei foreløpige rapportane.

Politi og brannvesen undersøker dødsbrann i Moelv

HELD FRAM: Kripos hjelper til i etterforskinga, og branntomta er framleis sperra av. Det kan bli aktuelt å gjere fleire undersøkingar på tomta i helga, ifølgje politiet.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Tredje person redda ut

Sten Floor Nelson fortel at ein tredje person vart redda ut frå ei brakke som står på det same området.

– Brannvesenet banka på og vekte han, slik at han kom seg ut, seier Nelson.

Denne personen er blitt avhøyrt av politiet, men politiadvokaten seier han ikkje er eit sentralt vitne, då han låg og sov då det begynte å brenne i nabobygget.