Hopp til innhold

Reiste til Sverige for å spare pengar – no blir dei hetsa

GAUSDAL (NRK): Ingvild og kjærasten har kjøpt seg leilegheit og sparer til bryllaup. Med lite inntekter reiste dei over grensa for å handle. Det gjorde mange forbanna.

Ingvild Sørum 19 år handla i sverige

OVERRASKA: Ingvild Sørum var ikkje budd på all kritikken ho kom til å få då ho reiste til Sverige. Ho og sambuaren reiser for å fylle frysaren med mat av økonomiske grunnar.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

No er det opna for at nordmenn kan reise til fleire regionar i Sverige. Områda blir sett på som grøne og fleire strøyma over grensa for å handle allereie første dagen det var lov.

To av dei var paret Ingvild Sørum (19) og Lars Martin Storsveen (27). Dei reiste ikkje for å fylle handlekorga med godteri og alkohol. Men for å fylle opp frysaren for to månader framover.

– Det er mykje billigare. Med tanke på at eg går på skule, så er inntekta avgrensa. Vi har akkurat kjøpt oss leilegheit og har bryllaup neste år, seier Ingvild Sørum.

Ingvild Sørum 19 år handla i Sverige

BILLIG: Sørum jobbar sjølv i daglegvarebutikk og seier dei brukar halvparten så mykje pengar på mat ved å handle i Sverige.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Vart hetsa

Det var i avisa Gudbrandsdølen Dagningen at Ingvild Sørum fortalde at dei gjorde seg klare for å reise over grensa.

Kommentarane vart så mange og så stygge at avisa valde å slette innlegget frå Facebook, ifølge 19-åringen.

– Dei skreiv ting som: «viss de har så dårleg råd, bør de prioritere norsk mat i staden for leilegheit og bil.» Og «om det er så mykje betre i Sverige, så flytt», fortel Sørum.

Ingvild Sørum 19 år handla i Sverige

UBEHAGELEG: Ingvild Sørum fortel at det var ubehageleg med alle kommentarane som kom. Fleire hadde funne ut at ho jobbar i matbutikk til vanleg og konfronterte henne med det.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Ei fåtal skreiv også at paret burde vore heime med tanke på koronasituasjonen vi er i. Men dei fleste reagerer på at dei ikkje kjøper alle varene sine i Noreg.

– Eg skjønar jo at folk reagerer. Og at ein bør støtte den norske bonden. Men det er ikkje alltid like lett når ein har lån og rekningar som skal betalast, seier Lars Martin Storsveen.

Han er den einaste av dei to med full inntekt. Kjærasten studerer og jobbar deltid i daglegvarebutikk.

Grenseopning har skapt debatt

Etter grensene opna starta debatten rundt svenskehandel.

I ei Ytring i NRK, skriv samfunnsmedisinaren Dag-Helge Rønnevik at det ikkje er slik at alle som reiser over grensa er «harry». Han skriv at nokon kanskje må dit av økonomiske grunnar.

– Hva om alternativet for noen til å spare noen hundrelapper på å handle i Sverige er å banke på døra til Kirkens Bymisjon?

– Hadde jeg slitt med å få endene til å møtes, og bodd nært nok grensa, så kan det godt hende at jeg hadde tatt turen selv.

Rønnevik svarte her på kronikken: Nå er det farlig å være harry.

– Sparar mykje

Ingvild Sørum jobbar sjølv i daglegvarebutikk og seier ho har god oversikt over prisane i Noreg. Ho har rekna ut at dei sparar mykje, sjølv om køyreturen er på rundt tre timar kvar veg frå Gausdal.

– Vi brukar om lag halvparten av det vi hadde brukt om vi handla her. Det einaste vi ikkje handlar i Sverige er meieriprodukt og frukt. Det kjøper eg der eg jobbar, seier ho.

Fylte frysaren frå svenskehandel

FULL: Då grensene opna hadde dei ete opp nesten alt i frysaren sin. No har dei fylt den opp igjen med mat frå Sverige. Storsveen tar også med snus når dei først har reist over grensa.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Så lenge økonomien er som den er for det unge paret, kjem dei til å halde fram med å handle i nabolandet så lenge det er trygt.

– Vi har jo sagt at når vi blir eldre og har fast inntekt begge to kjem vi til å slutte å handle i Sverige, seier Sørum.

Skadeleg kommentarfelt-kultur

24 år gamle Selma Moren, som er debattansvarleg i Dagsavisen, har stått i stormar sjølv. Ho meiner kommentarkulturen på Facebook kan vere ganske skadeleg.

– Ein er oppteken av å ta kvarandre og skrive den mest morosame, syrlege kommentaren i staden for å ha ei samtale om til dømes grensehandel, seier ho.

Selma Moren

SKADELEG: Selma Moren, som er debattansvarleg i Dagsavisen synest det er synd at mange i kommentarfelt verkar meir opptekne og ta folk enn å diskutere sak. Ho trur kommentar-kulturen kan vere skadeleg.

Foto: Mimsy Moller / Mimsy Moller

I tillegg til at folk er opptekne av å ta kvarandre, trur ho mange er redde etter korona kom til Noreg. Ho trur mange steller seg meir til eigen frykt enn råda frå myndigheitene.

– Og råda har vore litt forvirrande også med land som var vore grøne og blitt raude. Eg trur mange får behov for å passe på og seie frå fordi dei er redde. Det er mykje frykt, og frykt gjer folk sinna, seier 24-åringen.

Sjølv har ho fått kritikk som ofte går på alderen og kjønnet hennar. Då ho skreiv om at unge kvinner ofte får kritikk for kven dei er i staden for det dei skriv om, var det berre enno meir.

Det kan gjere at folk trekker seg vekk frå offentlege samtalar fordi ein ikkje orkar presset, trur ho.

– Eg har kjent på det sjølv om eg hamnar i ein kritikkstorm. Min jobb er å ikkje slutte å skrive om ting eg veit skapar reaksjonar. Men for mange er det lite freistande å fortsette når det er slik, seier Moren.

Flere saker fra Innlandet