Dårleg vedlikehald av Blåbærmyra Stadion i Nord-Aurdal kan nemleg føre til at eit nasjonalt ungdomsmeisterskap i friidrett blir flytta frå Valdres.
Dyrt å reparere
- Banedekket er farleg å løpe på,
(illustrasjon)
fastslår leiar for Valdresalliansen i friidrett, Kåre Strande.
Det vil koste kommunen minst 200.000 kroner å reparere skadane. Nord-Aurdal er bare ei av mange kommunar som slit med å vedlikehalde idrettsanlegga. Allereie under ei befaring i 2001 konkluderte Norges Friidrettsforbund med at det var store sprekkar i banedekket på Blåbærmyra stadion.
Da hadde problema vore kjent i fleire år. Fagernes Idrettslag og Valdresalliansen for friidrett har fleire gonger bede Nord-Aurdal kommune gjera noko for å utbetre skadane. Men så langt har ingenting skjedd.
For dårleg for meisterskap
Dermed kan altså neste års nasjonale ungdomsmeisterskap i friidrett, med mellom 400 og 500 deltakarar, hengje i ein tynn tråd.
- For nå er baneforholda for dårlege til at meisterskapen kan gå som planlagt, fastslår leiar for Valdresalliansen, Kåre Strande.
Åra med manglande vedlikehald kan koma til å bli ein dyr affære for ein kommune som i utgangspunktet ikkje har så mye å rutte med.
Kommunen vil ordne opp
Etter det NRK kjenner til vil ei melombels utbetring koma på mellom 200.000 og 300.000 kroner. Men da må likevel tartandekket totalrenoverast på nytt innan ein treårsperiode, og den rekninga kan bli på ein drøy million.
Penger man kanskje kunne ha spart om anlegget hadde vore tatt betre vare på i utgangspunktet, erkjenner ordførar i Nord-Aurdal, Ola N. Døvre. Men ordføraren lover nå at alt skal vera i orden til meisterskapet skal blåsast i gang 13. august neste år.