Lite pengar - dårleg asfalt
Riksvegane i Hedmark og Oppland blir for sjeldan asfalterte. Grunnen er at Vegvesenet over heile Norge får for lite pengar til å halde tritt med slitasjen på asfalten.
I region aust trengst det 200 millionar kvart år, men dei siste åra har regionen fått mindre enn dette.
- Det fører til at vi får ein dårlegare veg og eit dårlegare dekke i åra som kjem, når vi ikkje greier å halde tritt med utviklinga, seier Kjell Eide i Statens vegvesen region øst.
Meir humpete vegar
- Blir det meir "klatting" på vegane?
- Ja, det blir sett inn tiltak for å ta dei dårlege punkta, seier han.
Bilistar må rett og slett rekne med meir humpete vegar i tida framover.
- I alle fall så lenge vegvesenet ikkje får meir midlar til å halde eit jamnt vedlikehald på vegane, seier Eide.