Hopp til innhold

Hagen vil ha folkeavstemming om Ukraina-område – representerer ikkje partiet, seier Frp

Carl I. Hagen meiner Noreg må føreslå folkeavstemming i Donetsk og Luhansk i Ukraina. Utspelet representerer ikkje partiet si meining, seier parlamentarisk nestleiar.

Halvportrett av Carl I. Hagen der han ser litt alvorlig ut.

FOLKEAVSTEMMING: Hagen meiner folket i Donetsk og Luhansk sjølv kan bestemme om dei skal vere ein del av Russland eller Ukraina.

Foto: Alexander Nordby / NRK

«Norge bør foreslå og krevje en folkeavstemming i Donetsk og Luhansk om de vil tilhøre og være en del av Russland eller Ukraina!»

Det skriv Framstegspartiet-veteran Carl I. Hagen i eit innlegg på Facebooksida si.

Konflikten mellom Ukraina og Russland har tilspissa seg etter den russiske presidenten sa dei to provinsane kunne bli uavhengige republikkar, og samstundes sende «fredsbevarande styrker» inn i Ukraina.

Skjermdump Carl I Hagen facebookinnlegg
Foto: Skjermdump / Facebook

Representerer ikkje Frp

Parlamentarisk nestleiar i partiet, Hans Andreas Limi reagerer på Hagen sitt utspel. I ei pressemelding skriv dei at Frp har éin linje i utanrikspolitikken, og at det Carl I. Hagen skriv er hans private meiningar.

Hans Andreas Limi (Frp)

Parlamentarisk nestleiar er tydeleg på at Hagen sine meiningar ikkje representerer Frp.

Foto: PETER MYDSKE / PETER MYDSKE

– Hagens private meiningsytringar på Facebook får stå for hans eiga rekning. Dei representerer ikkje partiet sitt syn. Framstegspartiet står klart på regjeringa si linje. Vi kan ikkje akseptere russisk propaganda og brot på folkeretten, seier Limi.

Han seier dei støttar regjeringa i å fordømme det som er skjedd etter at Russland varsla å anerkjenne Luhansk og Donetsk som sjølvstendige «folkerepublikkar».

Han viser til den aggressive linja frå russisk side, og støtter regjeringa i fordømminga av å køyre over Ukraina sin suverenitet.

– Det er ein spent situasjon i Europa, og Noreg skal stå saman med våre allierte. Ei anerkjenning vil vere ein aksept for å krenke Ukraina sin suverenitet. Regjeringa si linje i denne saka er helt rett, og vi har full tiltru til at NATO og regjeringa følger denne situasjonen tett, seier Limi.

Les også Drømmen om et imperium og stormaktsspill

Uavhengighetsmonumentet på Maidan-plassen rager over hovedstaden Kyiv.

Ingen kommentar

Carl I. Hagen skriv i ei melding til NRK:

«Har ingen kommentar til at Limi har et anna syn på mitt ønske om en folkeavstemming i Donetsk og Luhansk!»

Han har ikkje svart på andre spørsmål.

Les også Håvard (24) ut mot Carl I. Hagen: – Unge blir redde for å mene noe

Student ved Høgskolen i Innlandet, Håvard 24 år.

– Feil

Jakub M. Godzimirski er sosialantropolog, statsvitar og forskar. Han seier det Hagen framstiller i facebookinnlegget sitt ikkje har rot i verkelegheita. Og at ei folkeavstemming i desse provinsane ikkje er sannsynleg.

Jakub M. Godzimirski forsker ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt.

Godzimirski meiner Hagen må få meir informasjon om den faktiske situasjonen i Ukraina.

Foto: Christopher Olssøn

Problemstillinga Hagen beskriv her er heilt uaktuell, fordi det er russiske styresmakter som bestemmer no, seier han.

I tillegg meiner han fleire av tinga Hagen skriv i innlegget ikkje har rot i verkelegheita.

Han fortel at det berre er på krimhalvøya at russiske etniske utgjorde ein majoritet i befolkninga i Ukraina. Både i Donetsk og Luhansk er det eit stort innslag av russiske folk, men ikkje eit fleirtal.

Å seie at hovudbefolkninga er russiske er rett og slett feil, seier Godzimirski.

Hagen ønsker ikkje å kommentere Godzimirski sine innspel.

Les også Putin har beordret soldater inn i Ukraina

Vladimir Putin

Flere saker fra Innlandet