Har så enorm pågang at dei ikkje vil marknadsføre meir

BIRI (NRK): For første gong i historia har campingplassane bedt turistsjefen om å slutte å reklamere.

Camping-sveastranda

FULLT: Mette Lunde Sveen ved Sveastranda camping på Biri melder om stor pågang. – Det ringer folk heile tida for å sikre seg plass. Ho fortel vidare at flaumstore Mjøsa breier seg utover campinga og gjer at dei mister areal.

Foto: Arne Sørenes / NRK

2020 er året for ferie i Noreg, og mange ynskjer å feriere med telt, campingvogn og bubil.

– Det ringer folk heile tida for å sikre seg plass, seier Mette Lunde Sveen ved Sveastranda camping på Biri.

Det er blitt meir og meir førehandsbestilling fordi det er fleire og fleire som vil ha plass.

– Det er absolutt ein gladnyheit. Men vi skulle helst hatt plass til alle som vil hit, seier Lunde Sveen.

Campingplasseigarar i området har nå bedt turistsjefen om å stoppe marknadsføringa.

Det var OA som fyrst skreiv om saka.

Utset til hausten

Arne Jørgen Skurdal, turistsjef i Visit Innlandet har aldri opplevd maken til pågang.

Då campingplassane fekk lov til å opne opp begynte dei med marknadsføring for å få gjester til regionen.

– Det er jo moro at campingplassane no ber oss om å avslutte marknadsføringa før høgsesongen har begynt, seier Skurdal.

Camping-sveastranda

MORO: Turistsjef Arne Jørgen Skurdal seier han synest det er moro at campingplassane ber dei om å avslutte marknadsføringa før høgsesongen. – Vi omprioriterer midlane og satsar på at vi får forlenga sesongen med august og september, forklarer han.

Foto: Arne Sørenes / NRK

No vil han bruke midlane som skulle gått til kampanjar no, til hausten i staden.

– Vi satsar på at vi får forlenga sesongen med august og september. Og aller helst med tyskarar eller hollendarar.

Gjest Terje Holm på Sveastranda camping, forstår godt at mange vil feriere på campingplass. Sjølv er han av dei heldige som har fått plass. Han bestilte for over ei veke sidan.

– Det er late dagar og ekstra fint når det er finvêr. Vi koser oss, seier han.

Terje Holm, campinggjest

FEKK PLASS: Terje Holm frå Nittedal, gjest på Sveastranda camping, nyt dagane.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Luksusproblem

Jarle Buseth som er bransjesjef i NHO reiseliv camping, seier det har vore enorm pågang på campingane sidan pinse.

– Det er nok veldig mange som ikkje treng å marknadsføre seg så mykje utover sommaren. Eg har inntrykk av at plassar som aldri har hatt ein norsk gjest i juli er fullbooka av norske gjestar no, seier Buseth.

Jarle Buseth, bransjesjef camping, NHO Reiseliv

GOD SESONG: Jarle Buseth i NHO reiseliv seier mange campingplassar både på Vestlandet og i Innlandet no er fullbooka med norske gjester.

Foto: NHO

Sesongen starta litt trått då det var usikkert om dei kunne opne sanitæranlegg og liknande.

NHO utvikla ein smittevern-rettleiar for campingplassane 1. mai. Sidan har pågangen vore stor.

– Dei fekk eit luksusproblem fordi alle ville bestille plass. Det har vore eit veldig telefon- og mailrush hos dei fleste. Og det vil nok bli enno meir når fellesferien startar, seier han.

Han fortel at Vestlandet med Sogn og Stryn er veldig populære reisemål no. Det same er Innlandet. I Nord-Noreg kjem det til å bli stor pågang når høgsesongen er i gang, ifølge NHO.

Utfordring med flaum

Fleire campingplassar i mjøsregionen melder om at flaumen også avgrensar plassen dei har på området sitt.

Det er mykje vatn i Mjøsa, som har gått utover arealet til Sveastranda camping.

– Vi har mista omtrent 50 plassar på grunn av vasstanden her. Det er veldig synd og det gir store utfordringar med å få plass til mange nok, seier Mette Lunde Sveen.

Bransjesjefen i NHO seier det same gjeld for fleire campingar i Innlandet og på Vestlandet akkurat no.

Camping-sveastranda

VÅTT: Mjøsa er flaumstor. Dette tek areal frå campingplassane.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Mange har litt mindre plass fordi ein må tenke på smitteverntiltaka, seier Jarle Buseth.

Men du treng kanskje ikkje vere altfor fortvila om du enno ikkje har fått booka plass på campinga.

– Det ligg framleis mykje utanlandske bestillingar i systemet i tilfelle Noreg opnar grensa. Eg vil råde til å ringe eller sende e-post så kan det hende du får plass uansett, seier han.