- Viss ikkje Gjøvik kommune har råd til å drive bygda vår, får vi få nokon annan til å overta. Og vi sel heile Snertingdal, ikkje stykkevis og delt, seier Helge Ødegaard, talsmann for aksjonen.
Denne veka set lag og foreiningar i bygda inn ei heilsides avisannonse, der dei set søkeljos på budsjettkutta som råkar utkantane.
Kroken på døra
Gjøvik kommune må spare 50 millionar kroner neste år. Folk i Snertingdal er frustrerte over budsjettkutta. Det kan nemleg bety kroken på døra for skular, bibliotek, brannvesen og ungdomsklubb.
Snertingdølane er ikkje åleine om frustrasjonen sin. Fredag vart eit folkeopprør lansert ved Biristrand skole, som også ligg i Gjøvik kommune. Grasrotdemonstrasjonar over heile landet skal få Stortinget til å gje meir pengar til kommunane.
Folk i Snertingdal er rause. Dei vil gje kommunen forkjøpsrett.
Tek ikkje kva som helst
- Vi har bede inn formannskap, administrasjon og leiarane av dei politiske partia i kommunen. Viss dei vil bli kvitt ein del av områda i kommunen, reknar eg med at dei kan legge forholda til rette for det, seier Ødegaard.
- Så viss Nordre Land kommune er interessert i kjøpe bygda seier de ja?
- Det kjem an på tilbodet. Det kan ikkje vera dårlegare enn det vi har i dag. Men slik det ser ut nå, er vi veldig utrygge på kva Gjøvik kommune vil satse på her oppe, fortel talsmannen for aksjonen.
Gimmick?
Mange vil seie at det heile er ein gimmick, men Helge Ødegaard understrekar alvoret.
- Vi ønskjer ein debatt. Vil vi ha ei avfolking av slike bygder som Snertingdal?
Er det ikkje skuletilbod og tilbod for barn og unge, er det ikkje liv laga for ei bygd. Da vil ho tømmast om ein generasjon eller to, så for oss er dette veldig alvorleg, seier Ødegaard.
Nokon pris på bygda Snertingdal er ikkje fastsett, her er det duka for forhandlingar, opplyser Ødegaard.
Laurdag blir det aksjonar og demonstrasjonar i Snertingdal.