Hopp til innhold

Tilbyr privat handling utanom opningstid

LILLEHAMMER (NRK): Kreative løysingar vert no sett i verk for at kundar skal gjere julehandelen i lokale butikkar.

Privat handel på klesbutikken Clan på Lillehammer.

PRIVAT: Kundar som følger Lillehammer-butikken Clan på sosiale medium har fått tilbod om å handle privat.

Foto: KARI NYGARD TVILDE / NRK

Lokale butikkar er redde for kva som vil skje med dei om mange begynner å handle julegåvene på nett. Koronapandemien har ført til vekst i netthandel, og posten ventar eit hav av pakker.

På klesbutikken Clan på Strandtorget på Lillehammer gjer for å yte ekstra service for at kundane skal handle lokalt. Dei tilbyr bestilling på sosiale medium, varer i posten, heimkøyring, eller privat handel.

– Dei kan komme i butikken hos oss utanom opningstida. Dei gjer ein avtale, og dei kan få vere åleine i butikken med ein tilsett, for å unngå smitte, seier Kari Erlandsen som jobbar på Clan.

Ann-Merethe Nerli (høgre) blir betjent av Kari Erlandsen på Clan på Strandtorget på Lillehammer.

JULEHANDEL: Ann-Merethe Nerli (høgre) har alt starta julehandelen og er innom klesbutikken Clan Lillehammer. . Med handsprit tilgjengeleg og moglegheit for å halde god avstand, så føler ho seg trygg når ho handlar.

Foto: KARI NYGARD TVILDE / NRK.

Erlandsen fryktar det som kan skje dersom netthandel frå andre butikkar enn dei lokale hadde blitt førstevalet.

– Det er krise. Det går ikkje. Det seier på ein måte seg sjølv at me går konkurs viss ein ikkje har kundar. Det er det harde utfallet av det, seier Erlandsen.

Trur på lokalfokus

Ann-Merethe Nerli er på Strandtorget i opningstida medan andre også er der. Med handsprit tilgjengeleg og moglegheit for å halde god avstand, så føler ho seg trygg når ho handlar. Ho droppar likevel ikkje netthandelen.

– Ikkje heilt, men eg prøver å støtte om dei lokale også, seier Nerli.

Leiar Wenche Haug Almestrand i Lillehammer sentrum trur dei lokale butikkane går ei god tid i møte, trass i at mange held seg heime og nyttar seg av netthandel.

Wenche Haug Almestrand

NETTHANDEL: I Lillehammer sentrum vert det også oppretta digitale løysingar for å handle lokalt i år. Det fortel Leiar Wenche Haug Almestrand i Lillehammer sentrum.

Foto: Dag Kessel / NRK

– I Lillehammer sentrum trur me julehandelen kjem til å bli «all time high», i og med at ein i år ikkje har moglegheit til å reise på dei store julemarknadene rundt omkring i verda, seier Haug Almestrand.

Ho trur også det har blitt fokus hjå forbrukarane på å handle lokalt.

– Netthandelen vil me nok framleis ha. I Lillehammer sentrum legg me også opp til at ein kan handle lokale varer digitalt i år. Me lanserer netthandel-sider den 18. november, seier Haug Almestrand.

Ber om å unngå tider mange handlar

Dersom ein må ut for å handle julegåver i år, så har overlege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet gode råd.

– Først og fremst må ein halde seg heime om ein har symptom eller er sjuk. Elles kan ein prøve å gå på eit tidspunkt det ikkje er så mange i butikken, slik at ein slepp å stå tett innpå andre personar, seier Bruun.

At handelsstanden også legg til rette for at kundane kan overhalde smitteverntiltak seier ho også er viktig.

Tone Bruun, overlege, avdeling for infeksjonsovervåkning

FORSTÅR: Overlege Tone Bruun ved Folkehelseinstituttet forstår lokale butikkar er uroa for korleis salet skal gå i desember.

Foto: Folkehelseinstituttet

– Ein kan ha utvida opningstider, eller ein kan legge til rette for meir netthandel. Og så er det viktig å legge til rette for at folk kan ha god avstand, ikkje sleppe inn for mange på ein gong, og å ha handdesinfeksjonssprit tilgjengeleg, seier Bruun.

Fleire tenker alternativt

I tillegg til Clan i Lillehammer, tilbyr også klesbutikken Blanc i gågata på Lillehammer privat handel til sine kundar.

Senterleiar, Erik Skjellerud på Strandtorget seier det er uproblematisk at butikkane deira gjer dette. Senteret tilbyr ikkje heimkøyring, men Skjellerud meiner han ser eit mønster der forbrukaren nyttar seg meir av klikk-og-hent-handel.

Erik Skjellerud

PRIVAT HANDEL: Dersom fleire butikkar på Strandtorget på Lillehammer vil tilby privat handel, så er senterleiar Erik Skjellerud open for at butikkane kan halde ope utanom opningstida til senteret.

Foto: Sondre Tallaksrud / NRK

– Dette har pressa seg fram i større grad på grunn av pandemien, seier Skjellerud.

CC Hamar leverer varer gratis med Hamar Taxi, og dei køyrer i gitte tidsrom og innanfor ein avstand på sju kilometer. Nokre butikkar kan også tilby privat handel utanom opningstid.

På Gjøvik har kommunen sponsa utvikling av appen «Lokal». Med denne kan ein kjøpe varer frå heile handelsstanden på Gjøvik, og ein får gratis heimkøyring innanfor ti kilometer. Andre dagar køyrer dei også til Biri, Moelv, Østre Toten, Vestre Toten og Snertingdal.

Økning i julehandel

PERSONLEG INNKJØPAR: Senterleiar Vibeke Askevold på CC Gjøvik seier senteret tilbyr kundar å handle inn for dei i desember.

Foto: Thor Henning Lerstad / NRK

Fleire butikkar på CC Gjøvik tilbyr personleg oppfølging i julehandelen, og kvar torsdag har Clas Ohlson ope før opningstida for risikoutsette.

– I heile desember har du moglegheit til å bruke vår personlege innkjøpar, som tar på seg å ordne innkjøp og får levert det. Dette er gratis for alle i kundeklubben, seier senterleiar Vibeke Askevold på CC Gjøvik.

Flere saker fra Innlandet