Hopp til innhold

Busstilbudet i Innlandet blir som før

Folk i Elverum og Kongsvinger får eit like godt busstilbod neste år som i år. Ap har vorte samde med SV, Krf, V, MDG og Pensjonistpartiet om budsjettet for neste år. Dei set av 70 millionar meir til kollektivtransport enn det fylkeskommunedirektøren foreslo.

- Vi har eit budsjett med ein grøn profil,og ein sosial profil. Også folk utan bil skal kunne komme seg dit dei treng, seier gruppleiar for Ap i fylkestinget i Innlandet, Hans Kristian Enge.
Budsjettet blir vedteke på fylkestinget 14 desember.

Hans Kristian Enge, gruppeleder Innlandet Arbeiderparti. Fornøyd med avstemmingen
Foto: Simon Elias Bogen

Flere saker fra Innlandet