GRISEFLAKS: Denne grisen såg svært så blid ut før avmarsj. Det var ikkje alle som var like entusiastiske...
SLAPPGRIS: Denne purka, til dømes, ville helst slappe av i vegkanten.
STÅ OPP, DIN GRIS!: Å late som ein sov hjalp ikkje, alle måtte med...
SVINESTI: Dei fyrste grisane labbar i veg.
GRISETE: I alt var det 409 grisar som starta på dei sju kilometrane, 396 kom fram til slutt.
DANSER MED GRISER: Andre fjellturistar kunne bli forundra når dei møtte 400 grisar på heimreise.
GRISETRØTT: Det var godt med ei lita middagskvile undervegs.
GRØFTEFYLL: Grisar er sosiale dyr, og grøfta var full av sovande grisar.
GRISEKØYRING: Bufaringa gjekk i eit voldsomt tempo, dei 400 grisane brukte elleve timar på sju kilometer...
STJERNEGRIS: Somme var ivrigare enn andre, og det var stor spreiing i feltet.
ENOUGH IS I-NØFF: Denne grisen orka ikkje meir, og snudde trynet heimover att.
GRISGRENDTE STRØK: Grisar har i utgangspunktet dårleg lungekapaistet, og er ikkje skapt for høgt tempo. Gjennomsnittsfarta på turen var på 0,7 kilometer i timen.
GRIS I SOLNEDGANG: Det vart mørkt før alle grisane var trygt heime att.