Hopp til innhold

Brennheitt vêrvarsel

Sommartemperaturane har kome til Lillehammer. I helga blir det varmare enn du nokon gong har drøymt om...

Værvarsel

Kristen Gislefoss tok fram dei store tala da han skulle melde laurdagsvêret på Lillehammer.

Foto: NRK

Det var på Dagsrevyen sitt langtidsvarsel onsdag kveld at meteorolog Kristen Gislefoss verkeleg slo på stortromma, og meldte ikkje mindre enn 100 varmegrader i OL-byen.

Men lillehamringane treng ikkje å rømme byen i frykt for bokstavleg talt kokande temperaturar. Som dei fleste kanskje har forstått så hadde det lurt seg inn ein liten trykkfeil i vêrvarslinga.

Kristian Gislefoss

Vakthavande meteorolog Kristian Gislefoss måtte rydde opp etter farens trykkfeil.

Foto: Ukjent

- Det skulle nok vere 10 grader ja, seier ein litt flau vakthavande ved meteorologisk institutt, Kristian Gislefoss.

Må rydde opp etter faren

For medan det var Kristen Gislefoss som stod for den noko overivrige vêrvarslinga, er det sonen Kristian som må rydde opp. Og han har ikkje noko problem med å leggje all skulda over på sitt faderlege opphav.

- Dette er noko TV-meteorologen må ta på si kappe ja. Det er han som har ansvaret for dette, og her har det nok lurt seg inn ein liten feil, humrar Gislefoss junior.

- Skjer dette ofte?

- Nei, vi brukar å oppdage det i tide. Men vi må berre beklage at det gjekk gale denne gongen, forhåpentlegvis skjønte dei fleste at dette var feil.

- Ikkje kast jakka

Dersom det faktisk hadde vorte 100 grader på Lillehammer laurdag ville det vore ein rimeleg klar varmerekord. Den høgaste temperaturen som tidlegare har vorte målt i byen var 34 grader. Det var 19. juni 1970.

Den høgaste temperaturen som nokon gong er målt i skuggen er 58 grader celsius. Det vart målt i al’Aziziyah i Libya den 13. september 1922.

- Men lillehamringane kan berre drøyme om slike temperaturar, og behalde jakka på også i helga?

- Ja, dei må nok det. Det blir 10 grader og kanskje litt regn, seier vakthavande meteorolog Kristian Gislefoss.

Video nsps_upload_2009_5_6_20_29_24_151.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå Kristen Gislefoss setje varmerekord på Dagsrevyen.

Flere saker fra Innlandet