Onsdag 26. januar byrja det å brenne i ein historisk bygard i Hamar. No seier politiet at brannen var påsett.
Det kjem fram etter kriminaltekniske undersøkingar i Grønnegata 34.
Fortsett etterforskinga
Kripos har assistert Innlandet politidistrikt i etterforskinga.
I ei pressemelding frå Politiet i Innlandet står det at saka har høg prioritering.
– Vi kjem til å fortsette med same styrke som tidlegare, seier etterforskingsleiar Bjørn Frederik Monné.
Han fortel at dei etterforskar breitt og ser på mange moglegheiter for kva som kan har skjedd i samband med brannen.
– Så kjem vi til å sjå kva svar vi kan få frå dei tekniske undersøkingane.
Fredag kveld etter brannen vart tre menn arresterte og sikta. Dei vart seinare lauslatne, men er ifølgje politiet enno sikta.