Hopp til innhold

Fleire hundre grisar brann inne

TRETTEN (NRK): Rundt 450 grisar var inne i bygga som brann i Gudbrandsdalen onsdag kveld. Mellom 150 og 200 blei henta ut, men fleire av dei må truleg nødslaktast, etter det NRK veit.

Brann Tretten

TOTALSKADD: Dei to driftsbygningane blei totalskadde i brannen på Tretten.

Foto: Eskil Andersen / NRK

To av bygningane brann heilt til grunnen. Det var lenge fare for at brannen kunne spreie seg til fleire bygg, men bustadhuset og to andre bygg vart redda.

– Dette var veldig dramatisk. Mange dyr var innesperra i brannen, og det var fare for spreiing til to bustader og ein garasje. Så det var ganske hektisk her då vi kom fram, seier Svein Pedersen, innsatsleiar frå brannvesenet.

Brann låve Tretten

ETTERSLØKKING: Dei to bygningane som brann vart heilt nedbrente og brannvesen dreiv kontrollert nedbrenning og vakthald gjennom heile natta.

Foto: Eskil Andersen / NRK

Bygda hjelpte til å redde dyr

Fleire titals sambygdingar i Tretten kom til staden og hjelpte til med å berge grisar som kom seg ut av fjøset.

Karina Melgårdsbakken er naboen til garden der det brann og sprang opp dit då ho skjønte at låven stod i full fyr.

– Det er heilt forferdeleg. Eg fekk veldig vondt av dyra. Det skjedde så mykje og eg veit ikkje heilt kva eg skal tenke, seier ho.

Ho synest det er bra å sjå at så mange i bygda stiller opp når noko slikt skjer.

Brannvesenet rosar også folk for innsatsen deira på brannstaden.

– At det kjem folk som er vane med å behandle dyr er veldig godt for oss. At dei kan hjelpe til med å handtere dyra er kjempeviktig. Eg vil absolutt rose alle dei som stilte opp frivillig her, seier Pedersen.

Også politiet takkar for innsatsen.

Laster Twitter-innhold

Mange grisar er døde

Grisane som kom seg ut vart sendt med dyretransport vekk frå plassen.

Etter det NRK kjenner til, så kjem truleg mange av dyra som blei sendt vekk til å bli måtte nødslakta.

– På garden har det vore om lag 450 grisar. Mange av dei har brent inne. Vi har klart å berge rundt 150 grisar, men mange av dei må nok dessverre avlivast, seier innsatsleiar Magnus Danielsen.

Fleire av grisane blei også avliva på staden.

Brann på Tretten

BRANN: Fleire titals personar hjelpte til med å hente ut dyr frå brannen onsdag kveld.

Foto: Eskil Andersen / NRK

Ingen personar skal ha blitt skada i brannen, som starta onsdag kveld. Men fleire av dei som hjelpte til å redde grisar vart sjekka av helsepersonell på staden på grunn av mykje røyk.

Vil bygge opp att

– Vi har jobba med brannsikkerheit i mange år, og brannar i driftsbygningar har gått ned, seier bondelagsleiar i Oppland, Kristina Hegge.

– Men kvar brann, er ein brann for mykje. Det gir store inntrykk på oss.

Til GD seier bonden på garden at det er vanskeleg å sette ord på alle tankane etter brannen. Men ein ting er sikkert:

– Eg må bygge opp att. Eg tenker ikkje på noko anna alternativ. Men eg veit ikkje heilt kva slags drift det blir, seier ho til avisa.

Fjøsbrann Tretten

NEDBRENT: Slik såg det ut ved dei to bygningane som brann på garden torsdag morgon.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Veit ikkje brannårsaka

Politiet meldte om brannen på Tretten i Øyer kommune litt over klokka ni onsdag kveld.

Nokre timar seinare var bygningane nedbrente og brannvesenet dreiv kontrollert nedbrenning.

– Vi fekk redda tre bygg og vi må ta med oss det positive i ein slik tragedie, seier Svein Pedersen i brannvesenet.

Verken brannvesenet eller politiet veit enno noko om korleis brannen starta.

– Når brannen starta er vi usikre på. Det var ingen heime på garden her i kveld, så det er folk som har sett røyken som har varsla, seier Magnus Danielsen i politiet.

Nedbrent låve på Tretten

FULL FYR: Dei to driftsbygningane stod i full fyr.

Foto: Kristian Storødegård

Brannvesenet frå Øyer fekk bistand av brannmannskap frå Lillehammer, Ringebu og Gausdal.

Då var den første bygningen allereie overtent, og brannen hadde spreidd seg, seier vaktleiaren.

Torsdag morgon var det framleis ein del røyk på staden, men brannvesenet hadde kontroll på ettersløkkinga. Like før klokka 07.00 reiste dei frå staden.

Flere saker fra Innlandet