Hopp til innhold

Vedskjul brann ned til grunnen sør i Elverum

Rett etter klokka 15:00 fekk politiet melding om ein brann i uthuset på ein gard på Bronka i Elverum kommune.

Ettersløkking av brann

ETTERSLØKKING: Brannvesenet har brukt mykje tid på å ettersløkke etter at eit vedskjul brann ned til grunnen.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Brannvesenet melder om at dei har kontroll på brannen no, seier Dyre Antonsen hjå Politiets operasjonssentral i Innlandet til NRK klokka 15:30.

Rett etter klokka 15:00 fekk politiet melding om ein brann på ein gard på Bronka i Elverum kommune på grensa til Våler.

Brannen skal ha starta i forbindelse med produksjon av ved.

Dyre Antonsen hjå politiet fortel til NRK at det ikkje har vore fare for verken menneske- eller dyreliv i forbindelse med brannen.

Ettersløkking

ETTERSLØKKING: Eit vedskjul brann ned til grunnen på Bronka.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Men vedskjulet stod ikkje til å redde.

– Bygningen som har brunne blir brukt til lagring av ved, og brannen skal ha starta i forbindelse med produksjonen av veden, seier Antonsen.

Det er registrert to personar på adressa der brannen har skjedd, men begge desse skal ha kome unna brannen utan skader.

Brannvesenet har brukt mykje tid på ettersløkking måndag ettermiddag. Dei har også brukt varmesøkjande kamera i dei nærliggjande uthusa som også blir brukt til å oppbevare ved.

Flere saker fra Innlandet