Tidlegsanking skulle hindre store tap av sau til rovdyr, men i følgje leiar i Lesja sau- og geitalslag, Åge Tøndevoldshagen, har dette ingen verknad og har berre ført til meirarbeid.
-Bortkasta pengar
Det vart brukt rundt 1,3 millioner kroner til prosjektet i fjor, og Tøndevoldshagen meiner det er sløsing med offentlege midlar. Bøndene fekk nokre tusenlappar i kompensasjon for auka foringsutgifter.
Ordførar i Lesja, Per Dag Hole, beklagar at sauebøndene ikkje vil halde fram med prosjektet, men har forståing for at beiteretten må utnyttast.
Prosjekt i to år
Direktoratet for naturforvaltning har gjennom prosjektet gitt fellingstillatelse for to jervar i Lesja og Dovre i år.
Prosjektet vart starta for to år sidan, men nå seier sauebøndene nei til vidare samarbeid med Direktoratet for Naturforvaltning.