Hopp til innhold

Blinde Elisabeth vart nekta hjelp til å stemme

BRUMUNDDAL (NRK): Då Elisabeth skulle stemme fekk ho ikkje ha med den personlege assistenten sin som hjelp. Minst tre andre har opplevd det same ved valet i år, ifølge Blindeforbundet.

Elisabeth Johansen (31) fikk ikke ha med assistent inn i stemmelokalet

USIKKER: Elisabeth Johansen er usikker på om ho har stemt rett etter at ho ikkje fekk med seg den hjelpa ho ville ha med inn i stemmeavlukket.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Valfunksjonæren sa eg ikkje fekk ha med meg min personlege assistent i avlukket, og sa «tenk om ho seier du skal stemme noko anna», fortel Elisabeth Johansen (31).

Ho er blind og har difor rett til å ha med nokon inn i valavlukket når ho skal stemme. Då ho skulle stemme i Ringsaker kommune i Hedmark vart det ikkje slik. Ho måtte inn i valavlukket med ein valfunksjonær.

– Punktskrifta var utydeleg, og eg fekk ikkje forklart korleis partia var stilt opp.

Fekk beskjed om å skunde seg

Sjølv om Johansen var åleine om å stemme på det tidspunktet ho var i stemmelokalet, vart situasjonen stressande.

– Valfunksjonæren sa eg måtte forte meg, og at han ikkje kunne stå der lenge. I verste fall kunne eg stemt feil parti, seier ho.

Veit du at du har stemt det partiet du ville?

– Eg tok fingeren min på det partiet eg ville ha, så for det eg veit, så har eg det.

Ho er usikker på om det vart kryssa av på stemmesetelen.

Dersom stemma ikkje er gyldig, korleis kjennest det?

– Då kjennest brot på verdigheita mi når eg ikkje får ha med assistenten min. At eg må ha med ein vilt framand person til å hjelpe meg å stemme synest eg er heilt hårreisande, seier Johansen.

Har beklaga

31-åringen meiner ho ikkje fekk den rettleiinga ho har krav på og tok i ettertid kontakt med Blindeforbundet. Prosjektleiar for valgjennomføringa i Ringsaker kommune, Lars Erik Hermansen, har i ettertid sjølv snakka med kvinna og beklaga det som skjedde.

– I denne situasjonen fekk ikkje vedkomande den riktige hjelpa.

Hermansen seier kommunen har hatt ein konsultasjon med Valgdirektoratet, og at dei seier det som skjedde er eit brot på vallova.

Han opplyser at hendinga var ein feil gjort av den valmedarbeidaren som var på vakt i førehandsstemme-mottaket.

– Klart brot på lova

Blindeforbundet har kjempa for at det skal vere mogleg for blinde og svaksynte å kunne ha med seg ein sjølvvalt følgjeperson eller hjelpar i stemmeavlukket.

Sverre Fuglerud i Blindeforbundet

OVERTRAMP: Sverre Fuglerud i Blindeforbundet seier situasjonen Johansen opplevde er eit grovt overtramp.

Foto: Ingar Næss

– Me meiner dette heilt klart er eit brot på vallova. Dessverre var det 50 synshemma som fortalde om det same brotet for to år sidan, seier seksjonsleiar samfunnskontakt, Sverre Fuglerud.

Blindeforbundet har fått vite om minst tre andre som har opplevd det same som Elisabeth ved valet i år. To i Bergen og ein person i Stavanger.

Kva konsekvensar kan det får når ein får ei dårleg stemmeoppleving?

– Eg har høyrt fleire melde attende at dei ikkje veit om dei vil stemme neste gong, fordi det har vore ei så negativ oppleving i forbindelse med valet.

Får ikkje sanksjonar

Ifølge Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ikkje Vallova sanksjonar overfor kommunar eller valmedarbeidarar.

Siri Dolven

HAR KLAGERETT: – Veljarar har klagerett, seier Siri Dolven.

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Gjennomføring av val er ein stor operasjon og det er mange menneske involvert. Det betyr at feil kan skje, seier avdelingsdirektør Siri Dolven, på generelt grunnlag.

Ho meiner det er beklageleg at nokre kjem ut for slike situasjonar.

– Det er viktig at me får vite om feil og at vi lærer av dei, seier ho.

Johansen sit igjen med ei dårleg kjensle etter opplevinga:

– Ein føler seg frykteleg dum, du endar opp med å ikkje vere sikker på om du har fått stemt på den du ønska å stemme på.

Elisabeth Johansen

LEI SEG: Då ho vart nekta å ha med assistenten i stemmeavlukket vart ho lei seg. – Då kjende eg hjarta sank inni meg, for det er klart eg stolar på min personlege assistent, seier Elisabeth Johansen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet