Birkebeinerrennet er avlyst nok ein gong

Det tradisjonsrike og ikoniske Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer er avlyst. Det melder Birken AS.

Birken 2017

AVLYST: Birkebeinerrittet mars 2021 er avlyst. Her frå 2017.

Foto: Geir Olsen / Birken

– Me synest det er utruleg trist å avlyse Birkebeinerrennet for andre år på rad, seier dagleg leiar Eirik Torbjørnsen i Birken AS.

Han garanterte tidlegare i desember at det blir Birkebeinerrenn i år, og at alle skal få gå på ein eller annan måte. Det vart diverre ikkje mogleg likevel.

Covid-19 sette ein stoppar for Birken-arrangementa i 2020, og no skjer det igjen.

– Me hadde jo gledd oss til det, men me lever i ei uføreseieleg tid. Det var for så vidt ei lett avgjersle, sjølv om den var både trist og vemodig, seier Torbjørnsen.

Hadde håpa å arrangere

Avlysinga skjer etter eit styremøte i Birken, og Birken AS opplyser at myndigheitene sine restriksjonar gjer det umogleg å gjennomføre sjølv eit nedskalert arrangement for både topp og breidde.

Eirik Torbjørnsen

TRIST: Dagleg leiar Eirik Torbjørnsen i Birken AS seier det er trist å måtte avlyse Birken.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

– Dei nasjonale tiltaka, norsk grensepolitikk, og koronarettleiaren for Norges skiforbund er samla sett slik at det ikkje blir gitt opning for å avvikle verken turrennet eller den internasjonale elitedelen, seier Torbjørnsen.

Førre fredag sa Torbjørnsen at hovuddelen av Birken «med overhengande fare» må avlysast. Elitedelen, altså Skiclassic, definerast som toppidrett, og kunne arrangerast dersom det vart opna for innreise. Den såkalla QR-Birken skulle kunne gå som normalt.

Me ser no, i lys av covid-19 at det ikkje lenger er moglegheitsrom for å arrangere verken mosjonsdelen eller elitedelen, seier Torbjørnsen.

Han seier dei hadde fleire samtalar med Norges skiforbund, og at konklusjonen vart at moglegheitene var borte for å arrangere Birken tredje helga i mars.

– Me hadde gledd oss, men me forstår tilnærminga til myndigheitene, seier Torbjørnsen.

Får tilbod om refusjon

Torbjørnsen seier at dei hadde håpa å arrangere eit nedskalert renn med rundt 3000 deltakarar, fordelt over tre dagar.

– Desse vil no få tilbod om hundre prosent refusjon. Ved å flytte påmeldinga si til neste år vil dei også få ein gratis påmelding til vårt supplerande arrangement, nemleg VinterBirken QR som er forlenga til ut den opphavlege rennhelga 21. mars, seier Torbjørnsen.

VinterBirken QR vart etablert alt den 6. februar, og på denne kan ein gå over fjellet og skanne fem QR-kodar. På den måten kan ein få godkjent deltakinga si på Birken.

– Det er både servering, kos undervegs, og ein får flotte premiar tilsendt i posten, seier Torbjørnsen.

– Mosjonistar kan slik oppleve Birken på ein litt annleis måte, no, i lys av avlysinga.

Tøft for økonomien

Torbjørnsen seier avlysinga er eit økonomisk tilbakeslag for Birken AS som selskap. Han er likevel trygg på at arrangøren vil få noko kompensasjon frå staten.

– Sjølv om me tapar pengar på dette, så har me økonomi til å tole situasjonen me står i no, seier han.

No ser han framover og håper å redde Birken.

– Det som er vårt store prosjekt no er å ta Birken tilbake. Me gler oss til å forhåpentlegvis sjå enden av situasjonen ein har stått i snart eit år, og at me igjen kan samlast rundt viktige Birken-arrangement, seier han.

Han håper det blir eit storstilt Birkebeinerritt i slutten av august.