Det er haust, hausting. Du har kanskje sett på naboen som har poteter og squash i hagen?
Anders Nordrum vil du skal ha ein plan B for plenen. Han vil at ein skal dyrke mat på fjellhytta.
Det er haust, hausting. Du har kanskje sett på naboen som har poteter og squash i hagen?
Eller den andre naboen som har mengder med salat?
Du har kanskje tenkt at neste år skal du også dyrke sjølv?
I Nytun i Etnedal i Valdres høyrer kursdeltakarane godt etter. Nokre står med penn og papir. Her skal det lærast.
Gartnar Anders Nordrum held nemleg kurs i beredskapshage på fjellet.
– Dette handlar om å lære oss at kjøkkenhagen, på same måte som under siste verdskrig, kan kanskje bety ein forskjell.
– Kanskje plenen kan vere anna enn gras og roser og staudar. Ein plan B for plenen.
I høgda, på 900 meter over havet, kan det gro godt.
– Det er jo eit fantastisk område. Det er høgt heva over brunsniglar og elende i låglandet, og du får ein utmerka kvalitet.
I kjøkkenhagar kan ein dyrke mykje forskjellig, men det finst også det ein berre MÅ prøve i fjellhagen.
– Her har me grasløken, den er jo veldig lett å hoppe bukk over, og den er jo eit «must» på hytta.
Kvitløk stortrivst i fjellet.
Med kumøkk og litt biokol frå omnen i botnen, miksa saman, blir jorda endå betre.
Anders rotar i jorda.
Ein kan godt vente med å sette kvitløk til litt nærmare frosten, fortel Anders.
– Du treng jo ikkje plante kvitløk på rekke og rad.
Anders Nordrum seier at dersom ein vil dyrke kerrs pink eller mandelpoteter, men dei dør av tørr-ròte, så gir ein gjerne opp i hagen.
Han har råd:
– Ta det med på fjellet, og dyrk det der. Det finst ikkje tørr-ròte på 900 meter.
Kursdeltakar Geir Aasgaard og kona har hytte i Vest-Torpa, på rundt 700 meter over havet.
Der har dei dyrka poteter, tomatar i drivhuset, bondebønner og kvitløk.
– Men, det er dette med korleis ein skal få det til å bli noko særleg vekst i fjellet, for det er trass alt kort sesong.
Aud Mona Andersson har dyrka kvitløk, poteter, asparges, grønkål, svart kål og løpstikke. Og dei har rabarbra og rips.
På 820 meter over havet.
Litt utfordring har det likevel vore. Potetgraset har frose når dei ikkje har vore på hytta.
Anders Nordrum har også vore med å skrive bok om beredskapshage. Han merka større interesse for dyrking etter korona-tida, og også etter den russiske invasjonen av Ukraina.
Han meiner fjellet er undervurdert for dyrking.
– Hyttene er ein stad me brukar mykje, og etter kvart som ein blir pensjonist kan ein følge opp. Det er mange som dyrkar på fjellet.
– Kanskje det kan vere ei erfaring som etter kvart kan forstørrast opp om det skulle vere behov for det. Og så er dette jo så koseleg å fylle tida med.