Frp meiner regjeringa handla feil då dei i siste liten stoppa salet av Løken gard, som den forrige regjeringa la ut for sal.
Landbrukspolitisk talsperson Bengt Rune Strifeldt er ueinig i politikken, og lurar også på om dette kan handle om at statsråd og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum kan ha følelser knytta til garden.
– Løken er ein av fleire forsøksgardar rundt om i landet som har blitt lagt ned, så det er litt interessant at Senterpartiet vel å setje søkelyset der, seier Strifeldt.
INTERESSANT FOKUS: Strifeldt påpeiker at fleire forsøksgardar er lagt ned i Noreg, og meiner staten ikkje er ein god drivar av landbruk.
Foto: Jonas Løken / NRKHan reagerer på at regjeringa tidlegare denne veka stoppa salet av den gamle forsøksgarden Løken gard i Øystre Slidre som Landbruks- og matdepartementet eig.
Garden er også der far til Trygve Slagsvold Vedum, Trond Vidar Vedum, vaks opp.
– Eg har forståing for Vedum si interesse for Løken Gard, han har jo ei viss tilhøyrsle til den garden, men vi må ikkje blande kjensler inn i politikken.
Trur du det har påverka avgjerda her?
– Nei, det får Vedum sjølv få svare på, men for vår del er det viktig å ikkje blande kjensler i dette her, seier Strifeldt.
- Les meir om reaksjonane til at salet vart stoppa:
Må skilje mellom privat og politikk
Landbrukspolitisk talsperson for Høgre, Lene Westgaard-Halle, seier ho er oppteken av det prinsipielle i det at salet blir stoppa.
FANTASTISKE MOGLEGHEITER: Westgaard-Halle trur andre aktørar kunne gått inn utan statleg styring og fått til god verksemd ved Løken gard.
Foto: PETER MYDSKE / Stortinget– Eg forventar at statsråden har eit ryddig forhold til saker i regjeringa, og klarer å skilje mellom private interesser og regjeringa sin politikk.
Etter Solberg-regjeringa saman med Frp vedtok å avvikle verksemda ved Løken gard, tok Øystre Slidre kommune initiativ til eit samarbeidsprosjekt for å danna eit nasjonalt senter for fjellandbruk på garden.
- Bønder må ha kompetanse på mykje forskjellig. Les kvifor den økologiske bonden Guro no må sperre inne 200 grisar.
Ingen innverknad
– Vedum har ikkje påverka avgjerda til Landbruks- og matdepartementet, seier Landbruks- og matminister Sandra Borch.
KLAR OPPFØLGING: Nye Landbruks- og matminister Sandra Borch peiker på at det å stoppe gardssalet er fullstendig i tråd med den politikken dei har etablert i Hurdalsplattforma.
Foto: Dan Henrik KlausenHo legg til at det å stoppe salet av Løken gard er ei konkret oppfølging av Hurdalsplattforma, og at Senterpartiet har ein ambisjon om at staten skal eige viktige statlege eigedomar for å legge til rette for aktivitet framover.
– Løken gard er ein slik eigedom, og dersom vi ikkje hadde stoppa salet denne veka, hadde garden blitt selt, så det var heilt nødvendig, seier Borch.
Forskjellig politikk
Senterpartiet skil seg tydeleg politisk frå Høgre og Frp på dette punktet. Westgaard-Halle trekk spesielt fram prosjektet Øystre Slidre initierte til som eit godt eksempel på at andre aktørar kunne gått inn.
– Eg trur på slike offentleg-private samarbeid innan forsking og formidling, ikkje at staten skal ta alle desse rollene sjølv, seier ho.
Strifeldt frå Frp er einig i at staten ikkje treng å vere dei som vidarefører verksemda på forsøksgardar. Han vil heller at miljøet ved NMBU på Ås kan hjelpe og få hjelp av bønder rundt om i landet i forskingsarbeid.
– Eg meiner den garden burde ha vore selt til bønder som vil drive gardsbruk i området. Forsøksgardane har spelt ei veldig viktig rolle opp gjennom tida, men det er ikkje formålstenleg å vidareføre det konseptet.
- Fylkesinndelinga er også eit punkt der Senterpartiet skil seg frå borgarleg side. Senterungdommen i Innlandet vil skiljast etter to år ulukkeleg ekteskap.
Svarer ikkje
VIL IKKJE SVARE: Den nye finansministeren på veg inn i møte på Stortinget for ei veke sidan.
Foto: Mats Rønning / NRKNRK har forsøkt å kome i kontakt med Trygve Slagsvold Vedum for å spørje om:
Kva synest han om sitata til Strifeldt og Westgaard-Halle?
Har han teke initiativ til å stoppe salet av Løken Gard?
Har kjenslene hans med tanke på garden og faren sin historie, spelt ei rolle i denne saka.
Vedum velgjer å ikkje svare.
Presseavdelinga i Senterpartiet har både gonger NRK har kontakta dei vist til kommunikasjonsavdelinga i Finansdepartementet.
NRK har presisert at vi vil ha kontakt med Vedum som partileiar for Sp, ikkje som finansminister.
Men svara fra Vedums medierådgjevarar er at dette ikkje er relevant å svare på for finansministeren.