Uvêret som nyleg herja på Austlandet har ført til enorme skadar.
Ikkje berre har store område med skog blåst over ende. Uvêret har endra kvardagen også på andre måtar.
Familien Joten Fossholm bur i Hedalen i Valdres. Dei har vore utan straum, nett og telefondekning i fem dagar.
Huset deira er mørklagt, dei må hente regnvatn frå eit røyr i hagen, reise fleire kilometer for å ringe og dra til naboen for å ete varm mat.
– Det er veldig tungvint, spesielt med tre barn, der den eine bruker bleier. Det blir ein del ekstra arbeid, fortel mor Benedicte Bergum Joten.
Seks kuldegradar og utan straum
Ho seier dei nå har vore heldige og fått låne ein propanomn så dei kan fyre litt nede i huset. Men det strekk ikkje heilt til.
– Nyleg var det seks kuldegrader ute. I huset deira strekk det ikkje til å sprengfyre med ved når dei ikkje kan kombinera det med straum.
Å ta seg ein dusj, eller vaske klede, må ein berre gløyme. Heime hjå familien har det blitt mest brødmat dei siste dagane, og barna har vore kalde.
Benedicte Bergum Joten og dei andre i familien har gått med både lue og ytterklede inne i fleire døgn.
- Straumbrotet er eit resultat av uvêret førre veke, der massive mengder tre falt saman med straumstolpar.
Småbarnsfamilien i Hedalen har prøvd å tilpasse seg situasjonen så godt dei kan.
For eksempel har dei tre barna (den eldste er sju) vore redde sidan dei ikkje har lys i heimen.
– Ingen av dei er glad i mørket, fortel Benedicte Bergum Joten.
Derfor får nå alle tre barna sove i gjestesenga saman. Og dei vaksne har vore i garasjen og henta all julepynt som går på batteri, for å lage det meir hyggeleg inne.
Far må lese nattahistorier med hovudlykt i mørket.
Barna et maten i mørket.
Familien må bruke ei bøtte med vatn for å skylle ned i do.
Familien må skaffe vatn på eiga hand. Her bruker dei regnvatn frå eit røyr.
For å få varmvatn koker dei vatnet på peisen.
Det går ein del stearinlys heime hjå familien på fem.
- For Ida vart uvêret spesielt skummelt, då ho sat høggravid og åleine, innestengt i huset sitt.
Farleg arbeid
Ifølgje Sør Aurdal Energi er det om lag 100 personar i ytre Hedalen som framleis er utan straum. Noko av grunnen til at det tek tid å rydde opp er at det ligg straumstolpar som falt saman med trea i området.
Dei som ryddar opp må difor vere forsiktige.
– Dette er farleg hogst og det ligg spenn i alle moglege retningar, seier nettansvarleg i Sør Aurdal Energi, Kristian Grimsrud Strøm.
HÅPAR PÅ OVERSIKT: Kristian Grimsrud Strøm trur nokre får straumen tilbake i løpet av dagen, medan ein del må vente litt lenger.
Foto: Sigrid Havig Berge / NRKArbeidsdagen har vore prega av lange skift og mykje jobb for kraftselskapet.
– Det er krevjande. Vi forsøker å halde moralen oppe hjå mannskapet vårt ved å ha felles matstund og sørgje for at alle får den kviletida dei treng, fortel Strøm.
Dei må få opp nye straumstolpar i området, men Strøm seier det er vanskeleg å vite når folk får tilbake straumen.
Han trur dei har betre oversikt på slutten av dagen, når dei har fått rydda opp og evaluert situasjonen.
- Straumbrotet var svært omfattande i helga. I Etnedal var heile kommunen utan straum.
Forsikringsselskapa må ut med store erstatningar
– Vi er i dialog med dei ulike kundane, primært om materielle skadar på bygningar, men straumbrot kan også kome opp, seier kommunikasjonsansvarleg Bjarne Aani Rysstad frå Gjensidige.
Opplever du straumbrot er det første du kan krevje erstatning for mat i fryser og kjøleskap som blir dårleg. Når det er kaldt, og ein må kompensere med vedfyring, er det også aktuelt å dekke den ekstrakostnaden
– I dei verste tilfella kan det bli ei vurdering om ein kan bu i huset, dersom det blir eit langt straumbrot, seier Rysstad.
På same måte som når det har vore brann i ein bustad, kan dei dekke opphald ein annan stad.
STORE SUMMAR: Forsikringsbransjen reknar med skadar for over 100 millionar kroner totalt.
Foto: Mats Stordal / GjensidigeSidan det har vore store problem i området og det er mykje som må rettast opp der dei bur, trur ikkje mor Benedicte Bergum Joten at straumen vil kome tilbake før om fleire dagar.
– Eg trur vi må smørje oss med tolmod. Men eg håpar vi får tilbake straumen i slutten av veka.
Akkurat nå kjenner ho mest på usikkerheita, og ikkje minst den store endringa i dagleglivet.
Når slikt skjer får det ein også til å tenkje:
– Eg har innsett kor innmari glad eg er i lys. Og den enkle gleda det er å ha eit vassklosett. Ein får nye perspektiv på livet, og ein blitt mint på at ikkje alt er ein sjølvfølgje.
Takknemleg for venner
Benedicte Bergum Joten tenkjer på dei som ikkje har så mange venner som deira familie.
– Me har fått låne ting og kome på besøk. Det er ikkje alle som har den moglegheita.
Nå ser ho fram til nytrakta kaffi, og at barna skal få sjå litt på barne-TV. Det gleder dei seg veldig til.
– Mannen min har bursdag i morgon. Eg gleder meg til å kunne feire han, så får vi sjå når det blir.