Hopp til innhold

Barnehagen droppa adventskalender til seg sjølv og gav til fengselet i staden

VESTRE SLIDRE (NRK): I år får besøksrommet i fengselet påfyll av leiker som dei innsette kan dra fram når ungane deira kjem.

Gave-barnehage

GÅVER: Marthea Stee (5) og Andreas Nordli (5), trur ungane som kjem på besøk til fedrane sine i fengselet vil bli glade for leikene.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Dei har eit slik rom der som ungar besøker. Det er eit rom det går an å leike på, seier 5 år gamle Andreas Nordli.

Røn naturbarnehage

NISSESEKK: Marthea Stee legg gåva si i nissesekken som skal til fengselet.

Foto: Røn naturbarnehage

På avdelinga for dei største ungane i Røn naturbarnehage er det 17 ungar. Alle har gitt vekk noko dei ikkje har bruk for lengre.

– Eg gav vekk ei bok eg hadde heime. Med mange forskjellige historier. Den var veldig fin, seier Andreas Nordli.

Marthea Stee (5) gav vekk eit puslespel med dyr på.

– Med fire store brikker. Sommarfugl, larve, marihøne og den siste hugsar eg ikkje, seier ho.

Røn naturbarnehage

GÅVENE: Alle gåvene har ungane funne heime. Det er ting dei tenker at andre kanskje har meir glede av enn dei sjølve.

Foto: Røn naturbarnehage

– Veldig rørande

Gåvesekken er overlevert fengselet i Vestre Slidre, som er ei avdeling for lågare sikkerheit i Valdres.

Ein av dei innsette håpar på å få dei to små ungane sine på besøk i romjula, og set pris på gåvene.

– Det er absolutt veldig hyggeleg. Også er det hyggeleg for ungane i barnehagen å få gitt bort noko til nokon som treng det, seier mannen som vil vere anonym.

Sjølv har han valt å ikkje få så mange gåver levert til fengselet, for å heller gjere det med familien når han kjem heim. Men gåvene frå barnehagen opnast julaftan.

– Det er alltid hyggeleg å ha nokon pakkar å pakke opp på julaftan, seier han.

Gave-fengsel

RØRANDE: Lene Hansen seier dei opnar gåvene julaftan. Ho vart overraska og glad for at ungane i barnehagen hadde tenkt på dei.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Lokasjonsleiar i fengselet, Lene Hansen, vart overraska då ho fekk telefonen frå barnehagen. Dei innsette ho har fortalt det til har sagt at det var eit rørande initiativ.

– Eg trur det betyr mykje. At pappaene som kanskje ikkje har sett ungane på ei stund kan ta fram nokon leiker og få litt kontakt med ungane sine igjen, seier ho.

Ville glede nokon andre

Heile hausten har dei eldste i barnehagen snakka mykje om det å sjå nokon andre enn seg sjølve.

– Ungane har vore veldig engasjerte og synest dette har vore spennande. Nokon har nok også synest det har vore litt rart å gi frå seg noko som var sitt. Nokon har gitt leika si ein ekstra kos før dei pakka den inn.

Røn naturbarnehage

GODE VERDIAR: Pedagog, Anne Bråten Tvenge håpar dette bidreg til gode verdiar og haldningar hos ungane.

Foto: Røn naturbarnehage

Det seier Anne Bråten Tvenge, som er pedagogisk leiar på avdelinga i barnehagen. Kvar dag under adventsstunda har dei trekt ut kven som skal vise fram si gåve og pakke den inn.

– Vi ser at dei er stolte av det, seier Bråten Tvenge.

Styraren i Røn naturbarnehage seier det har vore eit poeng at ungane ikkje skulle kjøpe noko nytt, men gi vekk noko dei ikkje treng meir.

– Slik eg har tolka det har dei synest det har vore ein fin ting. Dei har valt ut ei leike heime som dei ser at dei kan gi til nokon andre som har glede av det, seier Gunn Britt Haugrud.

Gave-barnehage

ENGASJEMENT: Gunn Britt Haugrud som er sjef i barnehagen, seier foreldre og ungar har vore veldig engasjerte i dette adventsprosjektet.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Ho seier dei vurderer å gjere dette neste år også.

– Kanskje finn vi nokon andre som har glede og nytte av å få ei slik gåve. Det er fint å få, men jammen er det fint å gi vekk også. Og den verdien er viktig å fokusere på også for ungar, seier Haugrud.

Flere saker fra Innlandet