– Det er viktig at folk veit kva som skjer.
Ukrainske Viktoriia Sobolieva (27) kom til Noreg i mai i fjor. Ho lærer seg norsk, men innrømmer at ho ikkje kan språket så godt enno.
Men i dag, eitt år etter den russiske invasjonen av Ukraina, får ho høve til å lese intervju og reportasjar med ukrainarar som har flytta til Noreg.
Lokalavisene Tynsetingen og Alvdal midt i væla fyller flatene med innhald skrive på både norsk og ukrainsk.
TOSPRÅKLIG: Publikum får servert artikler på både norsk og ukrainsk i dag.
Skjermdump/Tynsetingen- Niåringen bukte påskeferien i fjor på å samle inn pengar til krigsramma barn.
Markerer årsdagen
Det siste året har over 80 ukrainske flyktningar flytta til Tynset i Nord-Østerdalen.
For lokalavisa var det derfor heilt naturleg å ha fokus på årsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina.
– Vi byrja å tenkje på kva vi kan gjere og då vart vi raskt samde om at vi køyrer alle saker med ukrainarar og på ukrainsk, fortel redaktør Liv Maren Mæhre Vold i Tynsetingen.
Avisene fjernar betalingsmuren på artiklane slik at alle kan lese sakene, opplyser redaktøren.
REDAKTØR: Liv Maren Mæhre Vold seier det har vore mykje jobb med å omsetje alt innhald til ukrainsk, men skulle likevel ønskje ho kunne tilbode lesarane sine artiklar på fleire språk året rundt om ho hadde hatt ressursar til det.
Foto: TORSTEIN SAGBAKKEN / ALVDAL MIDT I VÆLAViktoriia Sobolieva er veldig fornøgd med at ho kan lese artiklar om heimlandet på sitt eige språk, og meiner det er viktig at folk veit kva som skjer der.
Heile familien hennar er i Ukraina, og ho fortel at kontakten med dei er avgrensa.
– Det er dårleg telefon- og internettsamband, så eg får ikkje snakka med dei så ofte.
Ho fortel at ho skal lese alle artiklane som blir publiserte på ukrainsk i dag.
FORNØGD: Viktoriia synest det er bra at fleire får høvet til å lese stoff om Ukraina på deira eige språk.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKOpplæringssenteret har omsett
Tilsette til avisa har stått for det redaksjonelle innhaldet, medan Tynset opplæringssenter har hjelpt til med å komme i kontakt med ukrainarar i området og å omsetje artiklane.
– Det har vore gøy å vere med, fortel Larysa Røe.
Ho er sjølv ukrainsk og jobbar til dagleg som miljøarbeidar på opplæringssenteret til kommunen, men har dei siste dagane teke på seg rolla som tolk for avisa. Ho synest oppgåva har vore givande.
– I dag samlar vi alle ukrainarane i heile Nord-Østerdal slik at både dei og nordmenn kan møtast, fortel Røe.
Ordføraren er stolt
Tynset-ordførar Merethe Myhre Moen (Sp) har teke imot dei 86 ukrainarane som har komme til kommunen det siste året. Ho synest initiativet er ein fin gest.
– Dei er veldig takksam for at dei er her. Og vi er sjølvsagt glad for at vi kan bidra når dei er i ein så vanskeleg situasjon, seier Myhre Moen.
FORNØGD: Ordførar Merethe Myhre Moen synest initiativet er ein fin gest.
Foto: Trond Ivan HagenOrdføraren var i går på besøk på Furumoen der mange av ukrainarane i kommunen bur. Der var stemninga god, fortel ho.
– Vi må gjere det vi kan for å hjelpe til.
- Ein ukrainsk-norsk kvinne gjekk til fots 6 kilometer frå den polske grensa og inn i Ukraina for å hente niesa si.
Har fått positive tilbakemeldingar
Redaktøren i Tynsetingen trur påfunnet er uventa for ukrainarane i området, men seier dei har fått spreidd ordet om at flyktningane i dag kan lese lokalavisa på morsmålet.
– Vi tenkjer vi er ei lokalavis for alle som bur her. Det er ein del av mandatet vårt at avisa skal vere tilgjengeleg for alle. Vi skulle gjerne hatt ein ukrainsk omsetjar tilgjengeleg heile tida, viss vi hadde hatt ressursar til det, seier Mæhre Vold.
Ho har inntrykk av at ukrainarane på Tynset set pris på initiativet.
– Det er viktig å vise ukrainarane her at vi bryr oss om dei og at vi set pris på at dei er her.