Like sør for Ringebu og Elstad camping kjem det kvar sommar fram ei fin sanddyne i Lågen. Dette har dei siste åra vorte ein attraktiv badeplass.
Farleg trafikk
Men mange badegjestar risikerer livet før dei kjem til badeplassen. For dei må krysse E6 for å kome over, og dette har skapt trafikkfarlege situasjonar.
Politiet i Ringebu har vore uroa og etterlyser nå tiltak frå vegmyndigheitene.
- Vi må få gjort noko med dette før liv går tapt, heiter det frå lensmannen i Ringebu.
Vurderer tiltak
Og Statens Vegvesen er fullt klar over kva som skjer på E6 sør for Ringebu.
Distriktsvegsjef Kjell Seim seier dei mellom anna vurderer å redusere fartsgrensa på staden.
- Eit anna alternativ er å byggje rekkverk eller lage ein heilt ny adkomst til badeplassen. På den måten kan folk unngå å krysse trafikken på vegen, seier Seim.