Hopp til innhold

Arbeidarpartiet i Innlandet går inn for å bevare fylket

Fylkestingsgruppa i Arbeidarpartiet vil vidareføre Innlandet fylke, trass i at folkeavstemminga fekk motsett resultat. Fylkesordføraren seier folket er delt på midten.

Hans Kristian Enge, gruppeleder for Arbeiderpartiet i fylkestinget i Innlandet.

VIL VIDAREFØRE FYLKET: Hans Kristian Enge er gruppeleiar for Innlandet Arbeidarparti. Dei vil gå imot folkeavstemming og gå for å ikkje løyse opp storfylket.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Denne veka kom resultatet av den rådgjevande folkeavstemminga i Innlandet. Der vil eit knapt fleirtal av innbyggarane at ein skal dele opp igjen Innlandet.

Fylkestingsgruppa i Arbeidarpartiet har hatt møte i dag der dei har stemt over saka. No har dei kome med ei innstilling ovanfor representantskapet til Innlandet Arbeidarparti.

Dei har møte tysdag 22. februar, der det blir avgjort kva partiet skal stemme i fylkestinget.

– Vi har sagt at vi vil at ein skal behalde Innlandet. Det har vi gjort med 14 stemmer for og det er fem stemmer som har sagt dei vil løyse opp Innlandet, seier gruppeleiar, Hans Kristian Enge (Ap).

Partiet legg då vekt på at valdeltakinga i den rådgjevande folkeavstemminga var låg og dei meiner at befolkninga i praksis er delt på midten.

Les også To av tre unge vil splitte Innlandet

Marit Andrisdotter Kvam hjemme på gården i Vang i Valdres.

Jamn folkeavstemming

Arbeidarpartiet har vore klare på at dei ikkje vil dele opp igjen fylka. Men under eit dramatisk fylkesting stemte ein av dei eigne mot si eiga gruppe og sørga for at det vart rådgjevande folkeavstemming.

Då resultatet av avstemminga kom denne veka hadde 50,7 prosent svart at dei vil splitte opp fylket og gå tilbake til Hedmark og Oppland. 48,1 prosent vil behalde Innlandet. Litt under halvparten av dei med stemmerett i fylket deltok.

I pressemeldinga søndag skriv Arbeidarpartiet at dei ikkje ser det som eit krav frå folket at ein skal bli Hedmark og Oppland igjen med dette resultatet.

Revna fylkesvåpen Innlandet

FRAMLEIS USIKKERT: Folket gjekk inn for å dele opp igjen fylkeskommunen. Om Arbeidarpartiet får fleirtal, kan det vere resultatet av fylkestinget blir det motsette.

Illustrasjon: MARTE IREN NORENG TRØEN

– Det er enno ope korleis Arbeidarpartiet kjem til å lande, men det vi ser er at folk er delt på midten, seier fylkesordførar Even Aleksander Hagen til NRK i Politisk kvarter måndag.

Han seier dei må sjå på meir enn folkeavstemminga.

Even Aleksander Hagen i et møte på fylkeshuset i Hamar.

VIL HA VIDAREFØRING: Hagen synest det er eit krevjande dilemma, men meiner Innlandet bør vidareførast, trass i folkeavstemminga.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det er eit lite fleirtal for å dele, men vi ser at det er mykje som peiker i andre retninga.

Dei forskjellige undersøkingane blant tilsette gjer at Hagen meiner det er forsvarleg å vidareføre Innlandet.

Meiner det er fleire omsyn å ta

I tillegg til folkeavstemminga har det nemleg vore høyring i kommunane og undersøking blant dei tilsette i fylkeskommunen.

Ifølge Ap har 25 av dei anbefalt ei vidareføring av Innlandet. 10 vil dele og 9 seier dei skal lytte til folkeavstemminga. Under medarbeidarundersøkinga sa fleirtalet at dei ville halde fram som Innlandet.

Det er mange ulike syn rundt dette i Arbeidarpartiet, som i befolkninga eller ut frå at folkeavstemminga er såpass delt. Det er ei viktig runde gruppa har tatt på at fylkestinget hadde tre element som skulle bli lagt vekt på her, seier Enge.

Les også Winther ansvarleg for folkeavrøysting – no blir han fryst ut

Erik S.Winther fryst ut av gruppemøter etter avstemning om Innlandet

Partiet har tradisjon for å binde gruppa i slike saker, ifølge Enge. Så sjølv om ikkje heile gruppa stemte for under dagens møte, kan alle Ap sine stemmer gå for å vidareføre Innlandet slik det er i dag.

– Tradisjonen der er at ein bind representantane om ikkje anna er avklart. Ut frå vedtektene følger ein vedtak i partiet i ei slik sak som dette, seier han.

SLIK STEMTE INNLANDET: I kommunene markert med blått ser ein kor stor prosent som stemte for å dele opp fylket. I kommunene med rosa farge her, ville fleirtalet behalde Innlandet.

Miljøpartiet dei grøne går også inn for å behalde storfylket ifølge gruppeleiar, Johannes Christian Wahl Gran. Dei har tre representantar i fylkestinget.

– Vi meiner fylkeskommunen er viktig, og vi er opptatt av tenesteproduksjonen vår. Når MDG skal stemme i saka, gjer vi det med ei solid forankring i egne rekker. Vi stemmer for å behalde innlandet, seier han.

Senterungdommen er sjokkerte

Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle seier dei er sjokkerte og lei seg over Arbeidarpartiet og håpar dei snur.

– Dersom Ap no vel å køyre over folket og behalde Innlandet vil det vere både historielaust og ei skandale. Det er lange tradisjonar i Noreg for å lytte til folkeavstemmingar, seier Svelle.

torleik svelle senterungdommen

SJOKKERT: Torleik Svelle, som er leiar i Senterungdommen seier dei er sjokkerte over Arbeidarpartiet og håpar dei snur.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Han legg til at han opplever at Ap motarbeider folket og set regjeringa sitt arbeid i mistillit.

Senterpartiet, og fylkesvaraordførar Aud Hove, har vore tydelege heile tida på at dei ønsker seg tilbake til Hedmark og Oppland. Ho er også kritisk til dei som berre vil sjå undersøkingar blant tilsette i fylkeskommunen.

– Her handlar det om at vi har eit demokratisk fleirtal for å ha ei folkeavstemming. Kva tillit får vi dersom vi ikkje lyttar til det, seier Hove i Politisk kvarter måndag.

Hove seier ho ikkje vil binde fylkestingsgruppa si i saka. Men ho har ikkje fått signal om at nokon vil stemme imot partiet.

– Det Senterpartiet har vore tydelege på heile vegen, og som vi har fylkesvedtak på er at vi ønska folkeavstemming og at vi skal lytte til den. Det er vi einige om, seier Aud Hove.

Les også Hamar-ordfører åpner for å forlate Innlandet

Einar Busterud (Ap), ordfører i Hamar

Andre parti høyrer på folkeavstemminga

Fleire andre parti har hatt møter i løpet av helga, og har teke stilling til saka. SV i Innlandet er blant dei som meiner folkeavstemminga veg såpass tungt at dei vil gå inn for å dele opp igjen fylket.

– Vi har hatt ein konstruktiv debatt på vårt årsmøte. Vi har gjort ei heilskapleg vurdering. Og sjølvsagt veg ei folkeavstemming tungt, også når vi har vore pådrivar for å få folkeavstemminga, seier fylkesleiar i Innlandet SV, Anne Lise Fredlund.

Anne Lise Fredlund

FØLGER FOLKET: Anne Lise Fredlund (SV) seier dei går inn for oppdeling, fordi dei vil følge folkeavstemminga sitt resultat.

Foto: Dag Kessel / NRK

Også Pensjonistpartiet melder om at dei vil stemme for å løyse opp fylket. Partiet var med på å sikre et fleirtal for at det vart ei rådgjevande folkeavstemming.

– Om man likar resultatet eller ikkje, så meiner eg at det ut frå et demokratisk prinsipp er riktig og helt legalt å følge den rådgivande folkeavstemminga, seier Helge Thomassen.

Rødt seier dei også føler folkeavstemminga, ifølge leiar av Rødt i Hedmark, Svein Ørsnes.

Framstegspartiet vil eigentleg legge ned heile fylkeskommunen. Leiar, Truls Gihlemoen var innstilt på å følge resultatet i folkeavstemminga. Torsdag sa han til NRK at valet vart vanskeleg fordi folkeavstemminga var så jamt.

Gruppa i Frp har difor ikkje bestemt seg for kva dei skal stemme i fylkestinget.

– Det er ikkje noko ønske i Innlandet Frp om å dele opp Innlandet til to nye fylke. Men det er samstundes veldig krevjande og gå imot ei folkeavstemming. Dette kjem til å bli avgjort i fylkestinget etter ei heilskapsvurdering, seier Gihlemoen.

Fylkestinget avgjer denne veka

Under fylkestinget onsdag til veka skal saka avgjerast. Arbeidarpartiet har 20 stemmer her og for å få fleirtal for å bevare fylket må dei ha 29 stemmer. Høgre, Venstre og Miljøpartiet dei grøne er einige med Arbeidarpartiet.

KrF og Frp er dei to partia som enno ikkje har klart kva dei kjem til å gå for.

Det er 22. februar at representantskapet i Arbeidarpartiet skal bestemme seg for kva dei skal stemme under fylkestinget. Enge seier det ikkje er gitt at dei går for Innlandet der, sjølv om han trur det.

Det er representantskapet vårt som vil gi den endelege føringa for det som skal skje på onsdag. Eg trur det blir fleirtal for å behalde Innlandet i det møtet, men det er ikkje sikkert, for det er ganske jamt, seier han.

Flere saker fra Innlandet