Hopp til innhold

Skogfinske Anne-Marie (22): – Det har vore tap av språk og tradisjonar

Det finst ikkje lengre finskspråklege skogfinnar som har lært språket heime. Anne-Marie Moen (22) er ei av dei.

Anne-Marie Moen

VIKTIG: Anne-Marie Moen er skogfinne. Ho synest det er synd at mykje av den skogfinske kulturen gjekk tapt under fornorskingspolitikken. No jobbar ho for å ta vare på det som er igjen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Anne-Marie Moen (22) viser fram skogfinsk handverk på Åsnes Finnskog i Åsnes kommune.

– Her er blant anna ein sekk og eit par sko som er neverfletta. Neverfletting er ein lang skogfinsk tradisjon, seier Moen.

Skogfinske tradisjoner

SKOGFINSK: Anne-Marie Moen fortel at neverfletting har ein lang tradisjon i den skogfinske kulturen. På veggen heng både ein sekk og eit par sko som er fletta av never.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Samtidig på Stortinget, legg Sannhets- og forsoningskommisjonen, torsdag fram sin rapport om fornorskingspolitikk og urett gjort overfor samar, kvenar og norskfinnar.

Kommisjonen har sjølv inkludert skogfinnar i kartlegginga.

Som ungdomskontakt i interesseorganisasjonen Skogfinske interesser i Noreg, er Moen difor engasjert når rapporten blir lagt fram.

– Det har vore tap av språk, tap av tradisjonar og kultur hos fleire minoritetar. Det er veldig synd at det har vore slik. Eg håper ein kan gjere opp for det framover, seier Moen.

Les også Knallhard dom fra Sannhetskommisjonen: – Noen vil bli rystet

Sannhets- og forsoningskommisjonen utenfor Stortinget under overrekkelse av sannhets- og forsoningskommisjonens rapport.

Samla inn historier

Føremålet til kommisjonen var å gjere ei historisk kartlegging som skildra norske styresmakter sin politikk og verksemd ovanfor samar og kvenar/norskfinnar både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Det er mellom anna gjort ved å samle inn personlege historier.

Ein av dei som har fortalt si historie, er Jan Myhrvold, leiar i Solør-Värmland Finnkulturforening.

Han er etterkommar etter skogfinnar, og fortalde mellom anna om korleis han har opplevd det å ikkje få lære språket til skogfinnane.

– Eg er lei meg for at vi ikkje har fått sjansen til å lære forfedrane våre sitt språk, seier han.

Jan Myhrvold

PÅ ALVOR: Jan Myhrvold, leiar i Solør-Värmland Finnkulturforening er glad for at styresmaktene tek minoritetane på alvor.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Han synest det er bra at styresmaktene no tek minoritetane på alvor.

– Det er bra og heilt sikkert nødvendig. Det var ikkje berre skogfinnar som vart diskriminert, heldt nede og tvinga inn i ei trakt, det var alle minoritetar på den tida. Det set eit perspektiv på dagens fleirkulturelle samfunn.

– Sjølv om vi har levd side om side så har det vore ei forventning om at ein skal innordne seg, seier han.

Rapporten på 700 sider, med mellom anna dei personlege historiene, skal bli lest opp høgt. Det vil ta over 30 timar, og blir strøyma på NRK.

Hvilken urett er begått mot samer, kvener, norskfinner og skogfinner? Hva skal til for å forsones? Hele rapporten leses høyt på Nationaltheatret.

Tid for oppgjer

Kommisjonen har undersøkt verknadane av fornorskingspolitikken, og i rapporten føreslår dei tiltak som vil bidra til vidare forsoning.

– Framleis opplever folk urett og negative verknader som har sine røter i den lange i historia med fornorskingspolitikk, sa Dagfinn Høybråten, leiar av kommisjonen under opningstalen på Stortinget torsdag.

– No er det tid for eit oppgjer med nasjonens urett ovanfor samar, kvener/norskfinner og skogfinner.

NRK forklarer

Sannhets- og forsoningskommisjonen? Kva er det?

Sannhets- og forsoningskommisjonen? Kva er det?

Granskar fornorskingspolitikk

Sannhets- og forsoningskommisjonen er ein statleg kommisjon som granskar konsekvensane av fornorskingspolitikken og urett ovanfor samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar.

Sannhets- og forsoningskommisjonen? Kva er det?

Det har dei mellom anna gjort ved å invitere råka grupper til opne møter og ved å samle inn personlege historier.

Sannhets- og forsoningskommisjonen? Kva er det?

Kommisjonen vart oppretta av Stortinget i juni 2018, og er leia av tidlegare statsråd Dagfinn Høybråten.

Sannhets- og forsoningskommisjonen? Kva er det?

1. juni leverer kommisjonen rapporten til Stortinget. Rapporten skal mellom anna ta opp kva slags verknadar fornorskingspolitikken har hatt.

Sannhets- og forsoningskommisjonen? Kva er det?

I tillegg vil kommisjonen føreslå tiltak som skal bidra til vidare forsoning mellom minoritetane og staten.

Kommisjonen slår fast at kunnskap om skogfinnar, samar og kvenar er svært mangelfull blant befolkninga i Noreg. Dei meiner auka kunnskap kan redusere diskriminering og hets av desse gruppene.

Eit av tiltaka kommisjonen føreslår, er difor å etablere eit kompetansesenter om fornorsking.

Kompetansesenteret skal ha ansvar for forsking, dokumentasjon, formidling og forsoningsarbeid.

– Senterets viktigaste oppgåve er å bøte på den kunnskapsmangelen kommisjonen har avdekka, står det i rapporten.

Les også De deltar i 30 timers høytlesning av rapporten om fornorsking

De deltar i høytlesningen av Sannhets- og forsoningskommisjonens rapport som sendes direkte på NRK TV.

Flagg og nasjonaldag

Skogfinnar blei i 1998, saman med kvenar/norskfinnar, rom, romanifolk/tatere og jødar, anerkjent som nasjonal minoritet i Noreg.

Etter at finnar innvandra til Sverige frå slutten av 1500-talet og til det søraustlege Noreg frå 1640-åra har rettane til etterkomarane, som blir kalla skogfinnar, tatt tid å få på plass.

Den 4. mai 1823 fekk 12 skogfinnar audiens hos kongen i Stockholm. Då hadde dei gått heile vegen frå Finnskogen med mål om å be om eit eige skogfinsk herred.

Akkurat 200 år etter, 4. mai 2023, blei skogfinnane sitt flagg heist for første gong på ei offentleg flaggstong ved rådhuset i Oslo. Flagget fekk skogfinnane i desember 2022.

Onsdag 21. juni 2023 er første gong skogfinsk nasjonaldag blir markert.

– Det blir spennande å sjå om det blir ei stor feiring eller korleis det bli. Det er veldig fint at vi har fått eit flagg. Då har vi ein måte å vise at vi høyrer til det skogfinske, seier Moen.

Skogfinner med skogfinsk flagg marsjerer til Slottet i Oslo.

TIL SLOTTET: 4. mai 2023 blei skogfinnane sitt flagg offentleg heist for første gong. Flagget er utarbeidd i samarbeid med skogfinneforeningar i Sverige, og skal symbolisere samhøyrigheit, felles opphav og skogfinske tradisjonar.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Les også Historisk da flagget til skogfinnene ble heist for første gang

Skogfinnedagen i Oslo.

Stolt skogfinne

Det skogfinske språket er tapt, men framover vil Moen jobbe for å ta vare på historia og det som er igjen av den skogfinske kulturen.

– Det er veldig trist at vi mista så mykje under fornorskingspolitikken. Det er noko vi ikkje får tilbake.

– Det viktige framover blir å ta vare på bygningar og tilhøyrande stader, til dømes. Vi har fått midlar til å halde ved like ein låve kor fleire skogfinske symbol er rissa inn, seier Moen.

Anne Marie Moen (22) i organisasjonen Skogfinske Interesser i Norge

STOLT: Anne-Marie Moen er stolt av å vere skogfinne.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Er du stolt av å vere skogfinne?

– Absolutt.

Flere saker fra Innlandet