Hopp til innhold

Ankar erstatningsdom etter Åstaulykka

Forsikringsselskapet TrygVesta vart dømt til å betale 4,3 millionar kroner i erstatning til Linda Ellefsrud etter Åstaulykka. Nå ankar dei dommen.

Linda Ellefsrud

Linda Ellefsrud var 22 år gammal da ho vart skadd i togulykka ved Åsta i Hedmark.

Foto: Bjørn Opsahl

Forsikringsselskapet meiner at dommen frå Sør-Østerdal tingrett er feil, og vil derfor at lagmannsretten skal handsame saka.

«I tingretten synes dommeren å ha sett bort fra eller misforstått konklusjonene til de sakkyndige som partene i fellesskap på forhånd var blitt enige om å engasjere. Disse sakkyndige er ledende eksperter på sine fagfelt.», heiter det i ei pressemelding frå forsikringsselskapet.

Kravde nesten sju millionar

13 kvinner og seks menn mista livet da to tog kolliderte og tok fyr på Rørosbanen for ti år sidan.

Den da 22 år gamle Linda Ellfefsrud har slitt med både fysiske og psykiske etter ulykka. Mellom anna har hovud- og nakkeskader ført til at ho ikkje har klart å ta noko utdanning.

I retten kravde ho i utgangspunktet nærmare sju millionar kroner, medan NSB sitt forsikringsselskap TrygVesta berre ville betale 1,6 millionar kroner. Dermed gjekk saka til retten, og Sør-Østerdal tingrett dømte forsikringsselskapet til å betale 4,3 millionar kroner.

Video Åsta-erstatning til retten

Fortvila Ellfefsrud

Linda Ellefsrud sin advokat, Jan Inge Thesen, seier at han er overraska og skuffa over at TrygVesta vel å anke dommen.

– Saka har vore ein forferdeleg belastning for ho, og det er skuffande at saka ikkje er endeleg avgjort. Særleg er eg overraska over anka ettersom retten var så klar på at ho har fått alvorlege skader etter ulykka.

- Korleis reagerer Ellefsrud på dommen?

Ho veit rett og slett ikkje kva ho skal gjere. Ho er fortvila over at denne saka, som har vore så vanskeleg, enda ikkje er ferdig.

Flere saker fra Innlandet