Hopp til innhold

Ambulanse kolliderte under utrykking

NORD-AURDAL (NRK): På veg til ei møteulykke kolliderte ambulansen med ein personbil. To personar er hardt skadd.

ambulanse i møteulykke

AMBULANSEN INVOLVERT: På veg til ei ulykke kolliderte ambulansen med personbil.

Foto: sigrid havig berge / NRK

Ulykka skjedde på E16 rett sør for Strand kyrkje i Nord-Aurdal tidleg måndag morgon. Ambulansen var på veg til ei anna møteulykke litt lenger nord, på same veg i Røn i Vestre Slidre.

– Vi antek at ambulansen har kome over i motsett køyrebane og kollidert med ein møtande bil. Ambulansen var på veg til ei anna møteulykke, seier Erling Andersen i UP til NRK.

Politiet melder om at vegane i området var særs glatte i morgontimane.

To hardt skadd

I dei to personbilane som fyrst kolliderte omtrent ein kilometer nord for Røn, skal det ha sete ein person i kvar bil. Der er den eine flydd til Oslo universitetssjukehus. Personen er hardt skadd.

I ulykka ved Strand i Nord-Aurdal der ei ambulanse kolliderte med ein personbil er sjåføren av ambulansen flydd til Oslo universitetssjukehus. Også denne personen er hardt skadd.

– Tilstanden er alvorleg men stabil for begge personane. Dei er ikkje livstruande skadd, seier Kjartan Waage ved Politiet i Innlandet til NRK.

Totalt fem personar var involvert i dei to ulykkene. Og to av dei er altså no flydd til Ullevål sjukehus. Dei tre andre personane er lettare skada, og har fått behandling av legevakta på Fagernes.

Kjartan Waage seier til NRK at både ulykkesgruppa frå Statens vegvesen og arbeidstilsynet er varsla. Også kriminalteknikarar frå politiet er på veg til begge åstader.

Vegen stengd

E16 ved Røn er no stengd for trafikk. Vegtrafikksentralen melder at den vil vere stengd i fleire timar som følge av trafikkuhella.

Det er uvisst kva tid vegen opnar att. Det vil vere styrt trafikkavvikling for alle køyretøy.

Ulykke med ambulanse

Flere saker fra Innlandet