Alvorlig skadd i ulykke

To personar vart skadd etter ei trafikkulykke ved Harestua-vatnet i Lunner torsdag morgon.

Trafikkulykke
Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Det var to personbilar involvert i ulykka som skjedde på gamle riksveg 4.

Ulykka skjedde da ein bil skulle avverge å kjøre inn i ein bil som hadde fått motorstopp.

Ein av dei skadde vart frakta til sjukehus med luftambulanse, medan den andre vart kjørt til legevakta.

Det er enda ikkje klart kva for skader dei involverte har fått, opplyser politiet.