Hopp til innhold

Alvorleg skadd motorsyklist

Ein mann i femtiåra vart sendt til sjukehuset i Lillehammer med alvorlege skader etter ei motorsykkelulykke i Vågå søndag ettermiddag.

Ein annan motorsyklist vart lettare skadd. Dei to mennene køyrde kvar sin sykkel.

Ulykka skjedde på riksveg 15 ved øvre Sjodalsvatnet da ein bil som køyrde framfor, bremsa for å svinge til venstre. Den eine motorsyklisten klarte ikkje å bremse og køyrde inn i den andre.

 

 

Flere saker fra Innlandet