Hopp til innhold

Med døden på tilbod

KONGSVINGER (NRK): Dei 20 første som døyr innan midten av oktober kan få gratis gravferd. På kanten, seier konkurrerande gravferdsbyrå.

Frank Vikne

TILBOD PÅ DØD: Frank Wikne gir gratis gravferd til dei som døyr i området innan 11. oktober.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Alléen Begravelsesbyrå opna ei ny avdeling og ville ha eit opningstilbod til folk.

Annonse, gratis gravferd, skjermdump

ANNONSE: Denne stod på trykk i blant anna avisa Glåmdalen.

Foto: Skjermdump av annonse

Då kom dei opp med ideen om å gi vekk gratis gravferder til dei 20 første som døyr innan 11. oktober.

– Vi var usikre på om vi torde å gjere det, for det er jo eit ømt tema, seier Frank Wikne i byrået.

Sjølv om han har fått mange positive tilbakemeldingar, skjønar han at nokon synest tilbodet hans er rart.

Sette nesten kaffien i halsen

Brørne Ottar og Morten Skaslien har drive Kongsvinger Begravelsesbyrå Grønlund i snart 30 år. Annonsen til den nye konkurrenten deira gav dei nesten hakeslepp.

Kongsvinger Begravelsesbyrå Grønlund

UETISK: Morten og Ottar Skaslien driv dette gravferdsbyrået, og meiner tilbodet til konkurrenten er på kanten.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

– Dette er vel eigentleg litt på kanten både etisk og marknadsføringsmessig, seier Ottar Skaslien.

Dei to kallar seg trauste og tradisjonelle og ville ikkje laga eit slikt tilbod sjølv.

Mening i Glåmdalen

MEINING: Denne pensjonisten er tydeleg skeptisk til tilbodet, og sende dette til avisa Glåmdalen.

Foto: Skjermdump frå avisa Glåmdalen

– Eg synest det var ein merkeleg måte å starte eit byrå på, seier Morten Skaslien.

Og dei to er ikkje dei einaste som har heva augebryna etter å ha sett annonsen. Den dekka ei heilside i lokalavisa. I Glåmdalen skriv ein pensjonist:

«Hvor går egentlig grensen for aggressiv annonsering, og jeg håper inderlig ikke å få bruk for tilbudet!»

Forstår kritikken

Frank Wikne seier han skjønar at nokon reagerer. Dei snakka mykje om det i byrået før dei bestemte seg for å gå for dette tilbodet.

– Vi snakka med nokon utanforståande berre for å føle oss fram litt og finne ut kva folk ville tenke, seier Wikne.

Frank Vikne

GODE TILBAKEMELDINGAR: Frank Wikne seier dei som har brukt tilbodet til no har vore nøgde.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Likevel seier han at han berre har fått gode tilbakemeldingar. Og det er faktisk nokon som har nytta seg av tilbodet allereie.

– Vi hadde to i løpet av den første veka sidan vi gjekk ut. Dei er veldig nøgde. Vi lever jo av å gjere ein god jobb. Om ikkje vi hadde gjort det hadde vi vore konkurs for lenge sidan, seier han.

– Ganske uvanleg i bransjen

Denne typen marknadsføring er ikkje noko ein ser kvar dag, skal ein tru Jo Gjedrem i Forbrukertilsynet. Dei har tilsyn etter marknadsføringslova.

Gjedrem er avdelingsdirektør i tilsynet, men har ikkje sett noko liknande før.

– Vi har jobba mykje med gravferdsbransjen, men då går det på prisopplysningar. Det er nok ikkje vanleg å køyre marknadsføringskampanjar i den bransjen, seier han.

Jo Gjedrem, Forbrukertilsynet

UVANLEG: Jo Gjedrem i Forbukertilsynet seier slike annonsar er uvanleg. Men det skal mykje til at den er ulovleg.

Foto: Kimm Saatvedt

Han seier det skal mykje til at annonsen er ulovleg. I ei slik sak er det to ting ein må sjå etter. Det eine er om prisopplysninga i annonsen er rett; at dei som brukar tilbodet faktisk får gravferda gratis.

– Det andre er om reklamen eventuelt er så støytande at den kan vere ulovleg av den grunn. Om nokon kjenner seg støytt kan ein klage til oss så kan vi vurdere om det er ulovleg eller ikkje. Men det skal mykje til, seier Jo Gjedrem.

Flere saker fra Innlandet