Hopp til innhold

Åge krev kommunen for 48 års leige av gangveg

Åge Pedersen meiner kommunen har tatt seg til rette på eigedommen hans i fleire tiår. No vil han ha over 3 millionar i tapt leigeinntekt.

Krever 48 års leie

KREV MILLIONAR: Åge Pedersen krev kommunen for 3,5 millionar i leige for 144,2 kvadratmeter tomt. Sist veke sperra han av den kommunale gangvegen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg forlanger at dei skal betale leigesum. Dei får ikkje love til å stele.

Det seier Åge Pedersen. Han meiner at han er den rettmessige eigaren av 144,2 kvadratmeter gangveg som går langs barndomsheimen på Kopperud i Gjøvik.

– Kommunen har stole eigedommen i 48 år, seier han.

I førre veke sperra han av den kommunale gang- og sykkelvegen. No krev han at kommunen betaler nesten 3,5 millionar kroner for tap av leigeinntekt.

Kommunen på si side hevdar å ha kjøpt eigedommen i 1971. No skal saka opp i konfliktrådet.

Den gong då

Pedersen vaks opp i huset på eigedommen kalla «Skogro» i Gjøvik, men har sidan budd størsteparten av livet i Lillehammer.

I 1972 vart arealet gangvegen no ligg på skilt frå resten av eigedommen, og kalla «Skogro II». Gjøvik kommune hevdar å ha kjøpt eigedommen av Pedersen sin avdøde far i 1971. Prisen skal ha vore på 1900 kroner.

Men dette kjøpet vart aldri tinglyst.

Ifølge Kartverket sitt register over alle eigedommar i Noreg, den såkalla grunnboka, er det ikkje registrert noko vidare sal av «Skogro II». Der står Pedersen sin far Anders framleis som eigar av tomta. Men Anders Pedersen har altså vore død i mange år.

«Skogro», den opphavlege barndomsheimen, vart elles seld ut av familien på 1980-talet.

Krav frå skattemyndighetane, og brevet som manglar

Det var i fjor vår at Pedersen oppdaga at han står som eigar av eigedommen i Gjøvik. Det skjedde då han skulle opne og levere sjølvmeldinga for 2019.

Utskrift

SKATTEKRAV: Pedersen viser utskrift av kravet frå skatteetaten i 2019 om å gje opp verdi på den omtalte tomta.

Foto: lars erik skrefsrud / nrk

Men det lét seg ikkje gjere.

I staden kom det opp at skatteetaten mangla marknadsverdi på ein eigedom i Gjøvik. Ein eigedom som var registrert på han som einaste eigar, og som han ikkje visste om.

Pedersen etterlyser også eit brev som han meiner Gjøvik kommune skal ha sendt til Skatteetaten i 2016.

Der skal kommunen ha stadfesta Pedersen som eigar.

Han meiner at dette brevet var grunnlaget for at Skatteetaten kunne krevje opplysningar om tomteverdien i sjølvmeldinga for 2019.

Men korkje Gjøvik kommune eller Skatteetaten kan finne dette brevet i arkiva sine. No har Pedersen bedt om bistand frå politiet for å finne brevet.

Krev leige

SKOGRO II: Gardsnummer 64, bruksnummer 268 i Gjøvik. Tomta der denne vegstubben ligg er stridens kjerne.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det var Oppland Arbeiderblad som først skreiv om saka.

Millionkrav

Pedersen meiner at dersom det skjedde eit eigedomssal i 1971, så var det Gjøvik kommune som hadde ansvaret for å tinglyse dette.

No krev han 3.460.800 kroner i tapte leigeinntekter frå Gjøvik kommune.

– Grunnlaget er ein leigepris på 500 kroner kvadratmeteren i året, ganga med 48 år, fortel Pedersen.

Men kommunen har ikkje 3,5 millionar å bruke på gammal tomteleige.

– Vi erverva eit areal til ei turløype i 1971, seier Marit Lium Dahlborg som er assisterande rådmann i Gjøvik kommune. Ho fortel vidare:

Marit Lium Dahlborg

VIL IKKJE BETALE: Marit Lium Dahlborg er assisterande rådmann i Gjøvik. Ho seier at kommunen kan dokumentere at den omstridde tomta vart kjøpt i 1971.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Då vart det gjort ei avtale med Anders Pedersen, som er Åge Pedersen sin far. Arealet blei kjøpt og betalt, og det blei erstatta brønn og sett opp eit gjerde. Det er det vi finn i våre arkiv. Vi har dokumentasjon på dette.

– Kravet om erstatning har ikkje vi tatt stilling til i det heile tatt. Vi meiner vi har ei avtale, og at vi har gjort opp for eigedommen, seier Lium Dahlborg.

Konfliktrådet neste

Siri Stormoen er leiar i konfliktrådet i Innlandet. Ho fortel på generelt grunnlag at det ikkje er uvanleg at det offentlege er ein av partane i sakene som kjem opp hos dei. Heller ikkje at sakene handlar om eigedomsrett.

– Vi går ikkje inn i konkrete juridiske vurderingar, men legg til rette for ein dialog der partane kan prøve å bli samde. Blir dei ikkje det, kan vi hjelpe til med å søkje juridisk bistand. Men mange blir samde etter å ha vore hos oss, seier Stormoen.

Etter påske møtes Pedersen og Gjøvik kommune i konfliktrådet i Innlandet.

Åge krever 48 år leie.

SPERRINGAR: Sperrebanda Pedersen sette opp, vart fjerna av politiet same dag. Men framleis står gjengestaga igjen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet