Advokat åtvarar: - Feil å publisere namna på dømte

LILLEHAMMER (NRK): I helga la ei lillehammerkvinne ut namn og bilde av tre menn i ei sedeligheitssak på sin private facebook-konto.

Bistandsadvokat Nina Emilie Braathen Hjortdal

ÅTVARAR: Advokat Nina Bråthen Hjortdal er skeptisk til Facebook som ein arena for slike diskusjoner.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Saka eksploderte på Facebook og mange av kommentarane var direkte trugsmål.

– Eg visste det ville skapa reaksjonar, men det tok heilt av, seier lillehammerkvinna.

Forventa reaksjonar

Ho seier at ho sletta innlegget etter ei samtale med fornærma i saka. Familien sette pris på støtta, men etter at det tok av, vart det heller ei tilleggsbelasting.

– Dei aller fleste kommentarane er støttande, men det er også nokre som har reagert på at eg la ut bilde av dommen og bilde av dei dømde.

Ikkje uvanleg

Bakgrunnen for innlegget på Facebook er ein fersk dom, der ein mann er dømt til fengsel for å ha skaffa seg seksuell omgang med ein ung mann ved misbruk av tillitsforhold. To andre menn er bøtelagt for å ha kjøpt sex av den same unge mannen. Fornærma var over 18 år da forholda skjedde.

Nina Bråthen Hjortdal var bistandsadvokat til den fornærma i saka, og seier ho har fleire klientar som har vore borti liknande.

Fra Facebookkontoen til kvinna som publiserte dommen
Foto: NRK

Bråten Hjortdal seier at ho gong etter gong har sett korleis bruken av sosiale medier har vore sårande for mange av sine klientar.

– Eg er generelt skeptisk til sosiale medium som ein arena til slike diskusjonar, og denne saka er eitt godt døme på at slike publiseringar kan bli heilt feil.

Godt meint

– I utgangspunktet er familien glade for å få støtte, men dette får konsekvensar som gjer at det blir snudd andre vegen, og da blir dette veldig negativt, og det er det som er veldig farleg med denne type offentleg debatt.

– Ein dom er offentleg, og kven som helst har tilgang til dei og kan legge han ut. Kva bør ein tenkje på?

– Det er eit viktig prinsipp at dommer er offentlege og at rettssaker er opne, dette må vi verne om. Det er viktig at media dekkjer slike saker på ein god og sakleg måte i staden for denne facebookdiskusjonen.

Ein skal vera forsiktig med å gå inn i slike debattar og diskusjonar på Facebook og liknande medium. Ver litt forsiktig rett og slett, oppmodar ho.