På E6 ved Dovreskogen har ein tankbil snurra. Politiet fekk melding om dette kl. 07.30 i dag tidleg.
– Semitraileren fekk ein sleng på hengaren sidan det er glatt, seier operasjonsleiar Rune Vegard Husøy.
Ingen vart skada i ulukka. Berging skjer akkurat no og dei håpar at vegen kan vere opna ganske snart. Husøy oppmodar folk til å køyre forsiktig.
– Ver OBS på at det kan vere veldig glatt forskjellige stader på grunn av skiftande vêr og variasjon mellom varmegradar og kuldegradar.
Det har fleire sjåførar fått erfare. Tipsar melder om at ein annan bil har sklidd av vegen i Rosten og at det er svært glatt i området.
- Fleire vegar blir stengt grunna uvêret. Sjå oversikt her:
Kan vere lurt å bli heime
Vest i Valdres er det også glatt. Der har Svein Hegge vore flittig med å fylle strøkassa for å halde vegane trygge.
– No er det svinglatt, Vi har jo hatt varmegrader og sterk vind i heile natt og det har ført til at det har smelta, seier han.
BERGING: Det finst ikkje omkøyring her, men berging er ute for å opne vegen igjen.
Foto: Ørjan VenåsMed smeltevatn over kalde vegar har han mykje jobb, og han oppfordrar folk til å vere forsiktige.
– Når du kjem vest i Valdres så er det ikkje tvil om at dersom du kan finne på noko anna i dag er det berre å fyre i peisen og lese avisa eit par fleire gonger.
- Uvêret er venta å ta seg opp i dag:
Avpass farta
Mette Brunæs, som er trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen seier dei ikkje har mange meldingar om hendingar enno.
Men ho forventar at det blir fleire på grunn av været som held på no.
– Det frys på om kvelden og natta, og så er det mildvêr på dagen. Då må ein vere klar over at det kan vere glatt.
Uvêret «Gyda» kjem til å herje utover kvelden, natta og morgondagen. Ein må vere ekstra forsiktig på vegane framover, seier Brunæs.
– Det kjem nok nokon hendingar. Det gjeld å avpasse farta og halde god avstand til bilen framfor. Og rekne med litt ekstra tid på dagar som dette.
Her kan du følge ekstremvêret i Innlandet.
- «Gyda» slo hardt innover kysten og fleire i Møre og Romsdal har måtte evakuere: