Hopp til innhold

Skismurning kan innehalde farlege miljøgifter

Skismurningen du bruker under helgas skitur kan innehalde farlege miljøgifter. Det hevdar Norges Naturvernforbund.

Skismurning i festesonen

Skismurning på den norske marknaden kan innehalde dei farlege giftstoffa PFOA og PFOS, ifølgje Naturvernforbundet.

Foto: Kjersti Sjursen Lien / NRK

Ifølgje naturvernforbundet viser analyser gjort av Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) at ein del skismurning og glider med fluor inneheld miljøgiftene PFOS og PFOA.

– Undersøkinga viser at ein del skismurningar på den norske marknaden inneheld veldig farlege og høgt prioriterte fluorerte miljøgifter. Dette er stoff som er så farlege at styresmaktene meiner dei bør utfasast så fort som råd, seier fagrådgjevar Per Erik Schulze i naturvernforbundet.

Veit ikkje kven det er

Det skal vere PFOS og PFOA som er funne i skismurningen. Naturvernforbundet veit ikkje kva produkt eller produsentar som har spor av desse stoffa.

– Eg reknar med at Klif og produsentane veit kva produkt det dreier seg om. Fleire skismurningar er analysert, fleire av dei har ganske mykje av desse miljøgiftene i seg, seier Schulze.

Tidlegare har det kome fram at mellom anna fluorpulver, som blir nytta av både profesjonelle og amatørar, kan vere svært helseskadeleg.

– Dersom det viser seg at det i tillegg er farlege miljøgifter i smurningen så trur eg at ein må gjere ei ny risikovurdering. Dette er giftstoff som samlar seg opp i kroppen over tid, og som aldri forsvinn frå kroppen.

Tidlegare har det kome fram at begge desse giftstoffa har vorte funne i fritidsklede.

Desse miljøgiftene bør ikkje finnast i skismurning som blir brukt av folk flest.

Per Erik Schulze, Norges Naturvernforbund

– Ekstremt låge nivånivåer

Forskings- og utviklingssjef hjå Swix, Lars Karløf, seier nivåa som er funne er så små at dei ikkje nødvendigvis kjem frå skismurningen.

– Det viktigaste av alt er at PFOS eller PFOA ikkje har noko å gjere i skismurning, rett og slett fordi det glir dårleg. Dei nivåa du refererer til er uansett ekstremt låge nivå.

Han kan berre svare for Swix sin del, og understrekar at dei ikkje har slike miljøgifter i smurningen si.

– Er det noko som kan vere farleg i Swix sine produkt så vil det vere merka i henhald til dei reglane som gjeld.