Hopp til innhold

8 år på Haslemoen

UDI kortar ned kontrakttida for transittmottaket på Haslemoen med to år. Vilkåret er at Våler kommune legg ned stridsøksa.

Haslemoen
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Våler kommune kravde at kontrakten skulle kortast ned frå ti til tre år. UDI strekkjer seg nå såpass langt at dei går ned til åtte år. Det kjem fram i eit brev som UDI har sendt kommunen.

UDI skriv at dei etterkjem kravet fordi dei ikkje ønskjer ein strid med den politiske kommuneleiinga. Men vilkåret for at det kan bli ei ny kontrakt, er at også Våler legg ned striden.

Årsaka til at dei ikkje vil gå så langt ned som til tre år, er at det vil innebera større utgifter. Dessutan blir det umogleg å langtidsplanleggje.

Flere saker fra Innlandet