– Då det byrja flakse steinar og flasker i lufta, tenkte eg at her tør eg ikkje vere lengre, så da sprang eg heim igjen, seier Hai Hang.
I 1991 var han ein ung gut, og nysgjerrig på kva som skulle skje 31. august for nøyaktig tre tiår sidan. Folkeaksjonen mot innvandring med Arne Myrdal i spissen og fleire profilerte nynazistar, skulle kome til Brumunddal.
– Sjølv om eg ikkje visste så mykje om kva han stod for, tykte eg det var veldig skummelt.
Skummel dag
Familien hadde ei stund fått merke at ikkje alle ønskte dei velkommen i bygdebyen.
– Vi budde midt i sentrum, og det skjedde ofte at vi fekk stein gjennom ruta, og folk forsøkte også å tenne på huset vårt, fortel han.
– Til slutt vart far min så lei av å skifte ruter at han like godt snikra att vindauga for å hindre meir skadeverk.



KAOS: Det var fleire lettare skader etter samanstøytet, men heldigvis ingenting meir alvorleg.
Fekk seg ein på trynet
Ein annan som hugsar dagen godt er Anita Ihle Steen, ordførar i Ringsaker. Den gongen var ho nybakt mor som gjekk tur i sentrum med den to månadar gamle jenta si.
– Det var ei brutal oppleving. Eg hugsar at eg såg på ho og tenkte kva slags verd eg skulle oppdra henne i, seier Ihle Steen.
I år var det også 10-årsmarkeringa til 22. juli. Politikken pregar enno Nils Kristen og Magnus.
Sjølv var ho tilsett ved bensinstasjonen og hadde god kjennskap til mange i Brumunddal, inkludert nokre av dei som sklei inn i eit høgreekstremt miljø. Ho trur mykje av det kom av frustrasjonen rundt arbeidsplassar som forsvann og ikkje visste kva dei skulle gjere.
– Då dette skjedde, skjønte vi at dette var noko meir berre enkelthendingar. Vi fekk oss jo ein skikkeleg på trynet, og i lang tid etterpå assosierte mange Brumunddal med desse hendingane.
SAMAN MOT RASISME: Hai Hang og ordførar Anita Ihle Steen vart begge djupt påverka av det dei opplevde for 30 år sidan.
SAMAN MOT RASISME: Hai Hang og ordførar Anita Ihle Steen vart begge djupt påverka av det dei opplevde for 30 år sidan.
Etter den vekkaren trådde kommunen og lokalmiljøet til.
Med store folkemøte, oppslutning om aksjonsgruppa «Brumunddal på nye veier» og støtte frå staten, var dei klare då FMI kom tilbake 20 dagar seinare.
Over 4000 personar møtte opp og vende Arne Myrdal ryggen.
Arkiv, 19.09.1991: Om lag 4.000 menneske viste sin stille protest ved å snu ryggen til da leiaren i Norge Mot Innvandring (NMI), Arne Myrdal, heldt tale i Brumunddal. Dette skjedde 3 veker etter brumunddalsslaget.
Arbeidet er ikkje ferdig
– Det gjorde oss meir medvitne på problema, men dette er noko vi arbeider med heile tida, seier ordførar Anita Ihle Steen.
Ringsaker kommune kjem til å markere at det er 30 år sidan hendinga på ulike måtar. Dei arbeider enno for å gjere ungdom medvitne på desse haldningane.
– Vi må heile tida minne oss på at dette har skjedd, og at jobben ikkje er ferdig gjort, seier ho.
Usannsynleg i dag
Det nynazistiske og høgreekstreme miljøet er i dag lite i Noreg, ifølgje Øyvind Bugge Solheim, forskar ved senter for ekstremismeforsking.
– Organisering av slike grupper skjer hovudsakleg spreidd på nettet.
SMÅ MILJØ: Høgreekstreme og nynazistiske miljø har ikkje den same lokale forankringa i dag.
Foto: Institutt for samfunnsforskningHan påpeiker at fordi dei er små, ønsker desse gruppene ofte reaksjonar. Dei vil sjeldan starte med vald sjølv, men gjer mykje for å provosere fram eventuelle motdemonstrantar. Då får dei meir mediemerksemd, og kan peike på at motstandarane deira er valdelege.
Likevel trur han det er usannsynleg at ein i dag kan få den same type samanstøyt som det som skjedde i Brumunddal for 30 år sidan.
– Sjølv om desse gruppene kan ha støttemedlem over heile landet, er det sjeldan ei skikkeleg lokal forankring dei stadene dei møter opp for å demonstrere og halde appellar, seier han.
Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal møte høgreekstreme grupper. I sommar vedtok Trondheim at gruppa Sian sine haldningar var uønskte i byen, men dei kunne ikkje stoppe demonstrasjonen deira.
Mykje støtte
For Hai og familien var slaget i Brumunddal eit vendepunkt.
– Det var på mange vis ei trist og vond tid da dette skjedde, men samtidig var det ei stor trøyst og støtte for foreldra mine at dei kjente korleis folk i Brumunddal støtta dei.
Mora og faren var alltid tydelege på at dei som laga bråk og vanskar var ei lita gruppe. Dei representerte ikkje fleirtalet av folk i Brumunddal.
TAKKNEMLIG: Hai Hang har tenkt mye på det som skjedde og hvordan befolkningen tok vare på ham og søsknene.
TAKKNEMLIG: Hai Hang har tenkt mye på det som skjedde og hvordan befolkningen tok vare på ham og søsknene.
– Eg er veldig glad for at mamma og pappa valde å bli her, og eg er imponert over tankegangen deira og måten dei stod i det på, seier Hai.
Det var ein tankegang som vart lønna då dei såg kva som skjedde seinare.
– Mamma stod oppe i stua i andre etasje og såg på. At folk snudde ryggen til Myrdal på ein så stille og fin måte, utan å bruke vald, gjorde at ho vart veldig rørt, konkluderer han.
Les meir om korleis familien handterte oppveksten i Brumunddal: