Hopp til innhold

200 innbrot på ti månader

Oppland og Hedmark er råka av grov innbrotsbølgje.

Innbrudd hos Lillehammer-optiker.

2.juni braut to tjuvar seg inn hjå Interoptik Andresen på Lillehammer.

Foto: Harald Andresen

Sidan august i fjor har det vore over 200 bustadinnbrot i dei to fylka.

Politioverbetjent Øyvind Bjerke ved Gudbrandsdal politidistrikt legg ikkje skjul på at aust-europearar truleg står bak fleire av innbrota.

- Det har mellom anna vore mange frå Litauen som har stått bak brotsverk her i distriktet. Vi har også hatt polske bander som har skapt problem, og nå har rumenarane kome.

- Blir mistenksame

Ein av dei som fryktar for å bli utsett for dei utanlandske bandene er Fredrik Frisenberg ved gullsmeden Frisenberg på Lillehammer.

- Vi blir dessverre meir mistenksame på austeuropeiske grupper. Vi har ved fleire tilfelle varsla politiet når folk har oppført seg mistenkeleg, stilt rare spørsmål og studert unormale ting.

Når folk byrjar å studere låsane våre inngåande, så tyder det på at det er noko muffens.

Fredrik Frisenberg, gullsmed.

Stadig fleire daginnbrot

Politioverbetjent Øyvind Bjerke seier at dei i Gudbrandsdalen har hatt ca 30 innbrot som blir definert som grovt tjuveri frå einebustad. I Vestoppland er talet 70, medan det i Hedmark har vore over 100 slike innbrot.

- Det nye er at dei bryt seg inn på dagtid, også når folk er heime. Det har vi ikkje hatt problem med før, og vi må ta det på alvor.

Innbrudd hos Parklane i Gjøvik

I går var det innbrot hjå Parklane i Gjøvik.

Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Han understrekar at det er viktig at politiet blir varsla så tidleg som råd når folk ser noko mistenkeleg.

- Attraktivt å kome til Noreg

Gullsmed Frisenberg på Lillehammer meiner at lovverket har gjort det attraktivt å kome til Noreg for å gjere innbrot.

- Dei internasjonale kriminelle ser at vi er dei snillaste i klassa og har dei lågaste straffane. Dersom du blir teke så sit du inne i kort tid, eller i mange tilfelle blir du bøtelagt. Vi må gå gjennom lovverket på nytt, seier Frisenberg.

Stortingsrepresentant Thomas Breen, som sit i justiskomiteen på Stortinget for Arbeiderpartiet, er ikkje enig i dette. Han peiker mellom anna på at straffa kan doblast dersom ein kan kople dei pågripne til organisert kriminalitet.

- Det viktigaste er at vi har god etteretning og eit skikkeleg politiarbeid for å oppklare det som skjer, seier Breen.

Flere saker fra Innlandet