Hopp til innhold

175 000 for fem minutt i Noreg

Snøskuterbommert gav gigantbøter. Nå skal saka opp i retten.

Snøskuteraksjon
Foto: Fjelloppsynet v/Magnar Nordsveen

Det var i april i år 16 svenske statsborgarar vart stoppa av politiet i Engerdal. Dei var på ein guida snøskutertur på svensk side av grensa, men vart stoppa da dei køyrte inn i Noreg. Der er det nemleg ulovleg med privat snøskuterkøyring utan løyve.

I reisefølget var det 15 kollegaer frå ein entrepenørbedrift i Stockholm, samt guiden dei hadde leigd inn til turen.

Alle fekk bøter på mellom 10- og 15 tusen kroner, men nekta å betale.

- Vart lurt av guiden

Dei 15 svenskane meiner dei vart lurt av guiden, og at det er han som har ansvaret for at dei plutseleg var på norsk side av grensa.

- Guiden leia oss inn i Noreg og vi føler oss lurt av han. Han visste jo kvar grensa var, vi hadde ingen aning. Grensa var berre nokre pinnar som stakk ut av snøen, det var ikkje noko ein la merke til, seier Jens Bertil Hansen.

Han var ein av svenskane som vart stoppa, og meiner at politiet opptrådde latterleg.

- Det var jo berre ein bagatell. Dei kunne berre fortalt oss at vi var på feil side, så skulle vi reist frå der med ein gong. Vi hadde allereie snudd da vi vart stansa, og forstod ikkje at vi var på norsk side. Vi tykte det var litt latterleg, men politiet meinte altså at det var alvorleg.

- For drøy straff

For sine fem minutt på norsk side fekk altså kvar og ein i reisefølgjet bøter på mellom 10 og 15 tusen kroner. Det tykkjer svenskane er for drøyt, og saka kjem opp i Nord-Østerdal tingrett om tre veker.

Jens Bertil Hansen seier at dei har peikt ut ein i reisefølgjet som skal reise til Noreg under rettsaka, og at det vil bli dei mot guiden. Skulle dei likevel bli dømt, håpar svenskane i det minstre at bøtene blir redusert.

- Det er eit altfor stort beløp i høve til den ugjerninga vi gjorde. Vi var i Noreg i berre fem minutt, og det er mykje pengar for den vesle tida vi var der, seier Hansen.