Hopp til innhold

Aukande antal misfornøgde legar: – Utruleg frustrerande

Jenny (27) er ein av 170 legar og studentar med dansk medisinutdanning som meiner den norske stat krev eitt år dobbeltarbeid av dei. Departementet er ikkje einig.

Jenny Kornberg er ein av 130 leger som går til søksmål mot den norske stat.

OPPGITT: Jenny Kornberg startar i august på det danske turnusåret i Aarhus, såkalla klinisk basisutdanning (KBU). Ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet reknar danske styresmakter dette turnusåret som ein del av grunnutdanninga.

Foto: Jenny Kornberg / Privat

I juli varsla 130 dansk-utdanna legar og studentar søksmål mot den norske stat. No har talet steget til 170.

Jenny Kornberg frå Hamar har studert medisin ved universitet i Aarhus. Ho har tatt embetseksamen og har fått dansk autorisasjon som lege.

Men før ho får dansk «løyve til sjølvstendig virke», må ho ha eit år obligatorisk praksis i Danmark.

Det er denne praksisperioden – og vegen inn i spesialisering i Noreg, som er kjernen i saka.

– Det er ein utruleg frustrerande situasjon. Eg følar jo at ikkje arbeidserfaringa mi blir anerkjend, berre fordi den er frå Danmark.

Kornberg snakkar om den danske turnustenesta, såkalla klinisk basisutdanning (KBU).

Skilnader mellom Danmark og Noreg, i legeutdanning og omgrep, kan no føre til søksmål.

Aftenposten omtalte temaet først.

Les også: Mener flere må gjøre som Marte: – Vi trenger hender

hjemmestudier, sykepleiestudent Marte Flosand har nettbaserte studier
hjemmestudier, sykepleiestudent Marte Flosand har nettbaserte studier

Obligatorisk turnusteneste

Ifølgje Den norske legeforening er Danmark eitt av få land som krev turnusteneste, før legar får «løyve til sjølvstendig virke».

Legane bak søksmålet seier på sin side at «løyve til sjølvstendig virke» ikkje handlar om rett til å arbeide som lege – for autorisasjon har dei. Historisk sett dreidde det seg om moglegheita for drive egen praksis. No er løyvet naudsynt for å bli dansk spesialist.

Til samanlikning finst ikkje tilsvarande omgrep i norsk legeutdanning.

I Noreg vart det slutt på obligatorisk turnusteneste i 2017. Då starta ein gradvis overgang til dagens spesialiseringsløp.

Saman med dei andre legane bak søksmålet, meiner Kornberg at praksisen frå turnusåret i Danmark, burde bli godkjent som det fyste halvtanna året i ein norsk spesialistutdanning i alle fall delar av det.

Delar av læringsmåla i danske KBU og det norske første spesialiseringsåret er nemleg dei same. Og danske Sundhedsstyrelsen skriv på sine nettsider at KBU er «fyrste ledd i legens vidareutdanning»

Men legane får likevel ikkje vurdert erfaringa frå turnustenesta i Danmark som jamngod med fyste delen av spesialistutdanninga i Noreg.

Jenny Kornberg er ein av mange norske leger i utlandet som går til saksmål mot den norske stat

FOR FÅ SPESIALISERINGSSTILLINGAR: Jenny Kornberg fortel at ho kjenner mange norske legar som har tatt utdanninga si i Danmark, og som søkar på spesialiseringsstillingar i Noreg. Ho meiner det hadde vore betre bruk av ressursane om dei dansk-utdanna legane kunne byggje vidare på KBU.

Foto: Jenny Kornberg / Privat

– Ikkje samanliknbar

Helse- og omsorgsdepartementet meiner nemleg at disse to praksisperiodane ikkje kan samanliknast.

Dei er difor ikkje einige med dei dansk-utdanna legane.

Ifølgje departementet har danske myndigheiter meldt til EU at KBU er ein del av grunnutdanninga i Danmark.

– Den danske KBU-ordninga inngår som ein del av grunnutdanninga i Danmark som må gjennomførast før legane får rett til å arbeide sjølvstendig som lege, seier statssekretær Ellen Rønning-Arnesen.

Etter det danske regelverket er søkere som mangler ett års praksis (KBU) for å kunne utøve legeyrket selvstendig i Danmark, ikke ferdig utdannede leger.

Helsedirektoratet

LIS 1 er til samanlikning eitt spesialiseringsår, som legar med full autorisasjon vel å søkje seg til.

– Sidan KBU er ein del av grunnutdanninga i Danmark, er KBU ikkje samanliknbar med LIS1, som er ein del av spesialistutdanninga i Noreg, seier Rønning-Arnesen.

Ho opplyser til NRK at saka vil bli handsama i departementet på vanleg måte.

 Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen (Ap).

HAR TEKE IMOT BREV: Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet bekreftar at dei har teke imot brev frå dei 130 legane.

Foto: Stortinget

Meiner regelverket er i strid med EØS

Legegruppa bak søksmålet meiner dagens ordning er i strid med EØS-regler om fri flyt av arbeidskraft.

Eit grunnprinsipp i EØS-avtalen er at arbeidstakarar har rett til å reise fritt over landegrenser og til å utføre yrket sitt i andre land.

Ifølge professor Tarjei Bekkedal ved Senter for Europarett ved UiO, krev prinsippet at Noreg godkjenner utdanninga og yrkeserfaringa frå andre land – om den er samanliknbar med kvalifikasjonar frå Noreg.

– Den trenger ikkje vere identisk, men må vere god nok, seier Bekkedal.

Han meiner dei rettslege grunnreglane er på legane si side, men presiserer at det krevjast ein konkret vurdering av om kvalifikasjonane deira er samanliknbare.

Professor Tarjei Bekkedal, Senter for europarett ved universitet i Oslo.

BRA MED VURDERING: – På den eine side sikrar ein slik detaljert gjennomgang at dyktige legar kan jobbe kor som helst i hele EØS, og på den andre at pasientane kan vere trygge på at legen deira er kvalifisert, seier professor Tarjei Bekkedal ved Universitetet i Oslo

Foto: Eva Dobos / UiO

Advokat Hilde Ellingsen representerer dei dansk-utdanna legane. Ho har tru på at søksmålet kan nå langt i retten.

– Staten meiner at legegruppa ikkje kan hevde EØS-retten når det er tale om innplassering i et spesialistløp. Det er ikkje riktig. Leger i spesialisering står i betalte stillingar, og dei har derfor rettar etter EØS-avtalen.

Les også: Landet med kronisk legemangel

Legestudenter er usikre på fastlegeyrket
Legestudenter er usikre på fastlegeyrket

Legeforeininga: – Har forståing

Norsk medisinstudent foreining skriv på sine nettsider at de meiner KBU bør godkjennast inn i norsk spesialistutdanning for å unngå at studentar i Danmark får dobbel teneste og for å auke kapasiteten i norsk helseteneste.

President Anne-Karin Rime i Den norske legeforening seier at dei har hatt fleire møter med Helsedepartementet for å få ei avklaring.

– I dialogen har vi etterlyst at norske myndigheiter må gjere ein konkret vurdering av om kompetansen som legar med obligatorisk turnusteneste frå andre EØS-land har, er jamngod med den som krevjast i LIS 1, seier Rime.

Per i dag ventar legeforeininga framleis på tilbakemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet i saka, noko som har tatt lang tid.

– Vi har på den bakgrunn forståing for at de aktuelle legane ønsker ein rettsleg prøving av saka.

Det er ikkje kjend når saka vert avgjord.

Anne Karin Rime, president i norsk medisinforening.

FOR FÅ SPESIALISERINGSSTILLINGAR: Dagens situasjon skaper ein propp i systemet, fordi det allereie er færre LIS1-stillingar enn nyutdanna legar. – Vi meiner at kompetanse frå andre land som er jamngod med den kompetansen som krevjast i norsk LIS1, bør godkjennast, seier Anne-Karin Rime, president i Den norske legeforeining.

Foto: Thomas Eckhoff/Den norske legeforening

Les også: Tar MR-bilder på nytt uten at det trengs

MR-maskin
MR-maskin

Flere saker fra Innlandet