Forfattarskapen til Røsbak har ei sterk forankring i heimbygda og Hedemarken, både tematisk og språkleg. Fleire av bøkene hans er skrivne på dialekt. I 2000 kom diktsamlinga "Midtvegs". Til forfattarskapen høyrer også to biografiar, den eine om ein annan diktar med hedemarkdialekt, Alf Prøysen. "Præstvægen og sjustjerna" er tittelen. I 1998 kom biografien om lyrikaren Rolf Jacobsen, "En dikter og hans skygge". Biografiane har sterke og nære skildringar av dei to forfattarane, der landskapet rundt dei og historia dei høyrde til i, får sin plass. Ove Røsbak har fått fleire prisar, mellom anna Prøysenprisen og Cappelenprisen.
- Les Syrinkvisten
Ei av bøkene til Røsbak er ei novellesamling, men den novella han skal lesa i NRK-serien, er frå ei bok der fleire forfattarar vart oppfordra til å skrive noveller med sommarmotiv. Bidraget frå Ove Røsbak hadde tittelen "Syrinkvisten".