Hopp til innhold

Therese (30) og William (20) valde ein magisk sommarskole

Gompologi. Stell av magiske vesener. Forsvar mot svartekunster og rumpeldunk. Trollmannsskolen Galtvort tilbyr fag som andre sommarskolar ikkje har.

Therese Hegstad Hansveen og Fabricius Bekkevold Svingerud er deltakere på Galtvortskolsen.

TROLLMANNSVENER: Therese Hegstad Hansveen og William Fabricius Bekkevold Svingerud er veteranar på Galtvort. Dei elsker å utvikle ein karakter i eit rollespel, gjennom ei heile veke.

Foto: Alexander Nordby / NRK

25 år etter at J.K Rowlings gav ut den første boka om Harry Potter, trollbind fantasy-helten framleis barn og unge verda over. Også i Noreg.

På trollmannsskolen Galtvort er det rekorddeltaking i år.

Her, på ein leirskole på fjellet i Sør-Fron i Gudbrandsdalen, får ungdom i alderen 11–30 år leve ut sine Harry Potter-fantasiar i ei heil veke.

Rollespelet

William Fabricius Bekkevold Svingerud (20) er her for 6. gang. Første gong han drog aleine til Galtvort var han 13. I dag øver han på tryllestav saman med Therese Hegstad Hansveen (30) frå Øyer.

Begge har dreisen og får den andre i bakken berre med å peike med tryllestaven. Det går hardt for seg.

– Det er like moro i år som første gong. Å få gå inn i eit rollespel der vi er ein annan, og der vi sjølv dikter vår eiga historie, det er så utruleg bra.

Vanlegvis er William student heime i Oslo. Her er han Herr Harvey Knight. Harvey er ikkje heilt ulik William sjølv, men er likevel ein anna person. Trylling er moro, men i år liker han best faget trolldomshistorie.

Therese er også veteran. 30-åringen synest ikkje ho er for gammal til å vere her. For her får ho drive med faget sitt natt og dag i ei heil veke.

– Eg er utdanna dramapedagog og jobbar med ein master. Dette er utruleg moro, her driv vi med improteater døgnet rundt. Det er magi og mystikk og vi elskar å få vere i karakteren vi vel oss.

Les også Knuser mytene om Harry Potters «fødsel»

Film Review Harry Potter and the Deathly Hallows

Alle er snille

Elevane bur i ulike hus, akkurat som i bøkene. William bur på Smygard, der erkerivalen til Harry Potter, Draco Malfang, held til. Dei som har lese bøkene og/eller sett filmane veit at dei som bur der ikkje er greie. Malfang er sjalu på Potter og gjer livet vanskeleg for han.

– Den delen ta vi ikkje med oss. Ingen har skal vere slemme, seier William.

– Her er smygardingane heller ambisiøse og veldig flinke. Vi gjer leksene våre og øver mykje for å bli gode trollmenn.

Elevene ved Galtvortskolen studerer ulike trollmannsfag.

FLINKISAR: Ingen bråker i timen på Galtvort. Alle følger nøye med og noterer flittig med fjærpenna det læraren ber dei merke seg.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Øver og gjer lekser

Inne og ute på det store leirskuleområdet er det trolldomsliv. Dei flittige les på leksa eller sit fordjupa i samtaler om faget. Andre får undervisning i stell av magiske dyr.

Andre har gymtime. Dei trenar på ballspelet rumpeldunk. Sittande på sopelime – riktig nok med beina nedi, raser dei rundt med fleire ballar på same bane.

Det går skikkeleg hardt for seg, coachen roper og skrik ut ordrar. Men alle ser ut til å forstå dei ganske så mystiske og uoversiktlege reglane.

Deltakere på Galtvortskolen spiller rumpeldunk.

RUMPELDUNK: Det går hardt for seg når det er gymtime og det blir spilt rumpeldunk, Galtwort sitt eige, intrikate ballespel.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Respekt for læraren

Professor Stikling vandrar rundt og ser til at alt går riktig for seg. Elevane bukker eller neiar djupt når dei møter henne i gangen. Dei har stor respekt for læraren. Eigentleg heiter urtologi-professoren Line Alexandra Nielsen.

Ho var med på den første «Galtvort høgare Skole for Hekseri og Trolldom» her på Fagerhøy for 15 år sidan.

I år skal ho og resten av dei 15 leiarane passe på 132 elevar. Det er rekord, dei første året var deltakartalet mellom 40 og 50.
Dei yngste er kanskje borte frå heime aleine for første gong.

– Her er det trygt. Hit kan alle komme og få vere seg sjølve – i form av å spele ein annan. Og her kan alle få ein ven. Å vere snille med kvarandre er ein del av opplegget.

Line Alexandra Nielsen og Jonas Topnes Jørgensen er lærere ved Galtvortskolen.

MED RESPEKT: Alle bukker når dei møter lærarene. Her representert med professor Stikling - alias Line Alexandra Nielsen. Og professor Skummel, alias Jonas Topnes Jørgensen. Han er nyutdanna barnehagelærar. Men på Galtvort er han professor i astrologi - og ein av sjefane.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Humlesnurr på butikken

Vi treffer faktisk professor Slur inne i eit mørkt rom. Men vi møter ikkje helten sjølv, Harry Potter. Vanlegvis får ingen vere han, her er det sjølve trolldomsverda som betyr noko.

Men ifølge Line Alexandra er både Harry Potter, Hermine Grang og Ronnie Wiltersen å sjå i år, av og til. Det er nokre av leiarane som tar på seg rolla.

Og sjølvsagt er rektor Humelsnurr sjefen. Men han var ikkje å sjå da NRK besøkte Galtvort denne gongen. Humlesnurr hadde reist til bygda for å handle meir mat.

– Også små og store trollmenn må ha middag, seier professor Stikling.

Fagerhøi i Sør-Fron kommune.

GALTVORT PÅ FJELLET: Her foregår mystiske saker. Fagerhøy fjellskole passer godt vere eit norsk Galtvort, der det ligg på fjellet på Sør-Fron i Gudbrandsdalen

Foto: Alexander Nordby / NRK

Les også Den store Harry Potter-filmquizen

Harry Potter og De vises stein

Flere saker fra Innlandet