Hopp til innhold

13-årig bilførar skadd

Ein gut på 13 år vart frakta til sjukehus etter at ein bil hamna på taket i Tiurvegen i Kongsvinger måndag kveld. Guten var sjølv sjåfør.

Ein passasjer som skal ha vore med i bilen, stakk av og etterlet seg 13-åringen i hjelpelaus tilstand, opplyser operasjonsleiar Trond Ola Berg i Hedmark politidistrikt.

Den 13 år gamle guten var bevisstlaus da politiet kom til staden. Han vart køyrt til sjukehuset, der han raskt kom til seg sjølv. Undersøkingar har påvist hjerneristing, men guten er ikkje hardt skadd.

Tjuvlånt bil

Politiet trudde fyrst at det var ei jente som hadde vore passasjer, men det viser seg nå at det var ein jamnaldrande gut.

– Begge gutane skal avhøyrast i løpet av morgondagen, seier politistasjonssjef i Kongsvinger, Bjørn Berntsen.

Bilen dei to køyrde i, er tjuvlånt. Kvinna som eig bilen vil melde forholdet til poltiet i dag. Etterpå blir det gjennomført vanleg etterforsking.

Sidan bilføraren er under 15 år, blir det også sendt bekymringsmelding til barnevernet.

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere saker fra Innlandet