121 millionar ekstra til Sjukehuset Innlandet
Like før jul løyvde regjeringa 2,5 milliardar ekstra til sjukehusa, og Helse Sør-Øst får meir enn halvparten av dette.
Nå foreslår direktør Terje Roowelt i Helse Sør-Øst at 121 millionar kroner av summen går til Sjukehuset Innlandet. Pengane skal blant anna dekke auka straumutgifter og sikre at psykisk helsevern blir prioritert, sjølv om sjukehusa truleg må kutte i økonomien i år.
Det private Revmatismesykehuset på Lillehammer får 1,8 millionar ekstra.
Styret i Helse Sør-Øst behandlar fordelinga av potten i eit ekstraordinært styremøte denne veka.