Tusen personar i karantene i Kongsvinger

Grunna framleis høg smitte i Kongsvinger har krisestaben vurdert det som naudsynt å sette inn ytterlegare lokale tiltak.

Kongsvinger sykehus

FLEIRE TILTAK: Med høg smitte og over 1000 personar i karantene innfører kommunen no fleire nye tiltak. Stengte skular vil gjennomføre testing på skulane.

Foto: Linda Vespestad / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Totalt er 39 personar smitta av covid-19 i Kongsvinger sidan førre sundag, og rundt 1000 personar er no i karantene.

– Talet på personar i karantene blir høgt når det er to skular som er stengde, seier kommunalsjef for oppvekst og læring, Jon Egil Pettersen, i Kongsvinger kommune til NRK.

Han seier smitten er spora til tre utbrot.

Eitt på Marikollen skole, eitt på Sentrum videregående skole, og eitt på ein av moskéane i kommunen, seier Pettersen.

Torsdag vart fire personar stadfesta smitta, og fredag vart 15 fleire stadfesta smitta. Det var fredag rundt 500 personar i karantene.

Det vert no innført fleire nye tiltak i kommunen.

Heimeskule for mange

No blir heile Kongsvinger ungdomsskole sett i karantene med heimeskule til og med 4. desember. I tillegg vil blir heile 3. trinn og nokre enkeltelevar på Vennersberg skole sett i karantene, med heimeskule for 3. og 4. trinn, til og med 4. desember.

Frå før er fleire klassar på Sentrum videregående skole i karantene. Også heile Marikollen skole er vart tidlegare denne veka stengt og elevane vart sett i karantene med heimeskule.

– Dette vart gjort for å kunne teste flest mogleg elevar og tilsette, for å få raskt bukt med smitteutbreiinga og eventuell spore villsmitte, seier Pettersen.

– Det gjer me slik at me så raskt som mogleg kan komme tilbake i ordinær drift og vareta samfunnsmandatet til skulen, seier han.

Marikollen skole

UTBROT: Eitt av smitteutbrota var ved Marikollen skole.

Foto: Frode Meskau / NRK

Kongsvinger kommune skriv i ei pressemelding at alle elevane ved Marikollen er testa, og at det ikkje har kome fleire positive tilfelle med smitte.

Alle elevar på Kongsvinger ungdomsskule vil bli testa, og ved Vennersberg skole vil alle elevar i 3. trinn, pluss nokre enkeltelevar blir testa.

Stopp i fritidsaktivitet

I tillegg til heimeskule, vil alle treningar, alle kampar og all konkurranseverksemd bli stoppa i Kongsvinger fram til og med 6. desember.

Kommunen informerer om at dette gjeld både for barn, ungdom og vaksne, og at avgjersla har blitt avgjort i samråd med Idrettsrådet.

Samtidig oppfordrar kommunen om å utsette all annan fritidsaktivitet i same periode.

– Me veit breiddeidrettstiltaka famnar vidt blant barn og unge, på tvers av skular, så for å prøve å stoppe smitteutbreiinga blir det midlertidig stopp frå og med no, seier Pettersen.

Anbefaler munnbind

I pressemeldinga frå kommunen blir det no tilrådd å bruke munnbind på stader der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand. Det vert understreka at dette også gjeld på kollektivtransport for alle over 12 år, og då også på skuleskyss.

Som eit kortvarig tiltak er det også innført bruk av munnbind for alle tilsette i helsetenesta.

Det er også innført besøksstopp ved bufellesskapet Holt HDO, ved to avdelingar ved Langelandhjemmet, og ved Roverudhjemmet. Ein medarbeidar ved Roverudhjemmet som allereie var sett i karantene har testa positivt. Kommunal akutt døgnplass (KAD) er forventa å kunne opne att 1. desember.

I tillegg har Kongsvinger kommune sett seg nøydde til å stanse praksisordningar med praksiselevar innan helsefag fram til nyttår. Sjukepleiarstudentar bidrar framleis.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 16.01.2021
3 282
Smittede/uke
150
Innlagte
517
Døde
42 003
Vaksinerte