Hopp til innhold

Munnbindpåbod på omsorgssenter

Omsorgssenteret Hovlitunet i Søndre Land innfører munnbindpåbod. Årsaka er eit smitteutbrot av covid-19, skriv Oppland Arbeiderblad.

Ifølgje avisa har dei fleste smitta moderate symptom.

– Vaksinen bidreg sterkt til det. Det er likevel ei påkjenning for dei med underliggande sjukdommar, så vi må gjere det vi kan for å unngå spreiing, seier kommuneoverlege i Søndre Land, Jens A. Mørch, til OA.

Han ber om at alle respekterer påbodet og anbefalingane, og trekk fram at dei grunnleggjande smittevernråda som god handhygiene, avstand og å halde seg heime om ein er sjuk, aldri har blitt oppheva.

Munnbind
Foto: Markus Winkler / Unsplash

Flere saker fra Innlandet