Hopp til innhold

Felles Sp-årsmøte krev kontroll over straummarknaden

Fylkespartia i Sp i Hedmark og Oppland har felles årsmøte denne helga. Partileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum er til stades på heile møtet.
Det har delvis vore delt, men årsmøtet kjem til å vedta felles resolusjonar, mellom anna om straum.

Under debatten var fleire som tok ordet, bekymra over at partiet ligg alt for lågt på meiningsmålingane. Dei fryktar at straumprisane skal øydelegge for partiet i valet til hausten og meiner noko må gjerast raskt.

I forslaget til resolusjonen som skal behandlast i morgon, heiter det at regjeringa må sette i verk tiltak som sikrar nasjonal styring med straum, og stabile og føreseielege vilkår for næringslivet.
Årsmøtet kjem trulet til å kreve at prisen på norsk kraft til straumkundar i Noreg skal vere stabile, og at det kan t.d. kan gjerast med ei toprisordning for norsk marknad og for eksport.

Trygve Slagsvold Vedum under felles årsmøte i Hedmark og Oppland Sp

Flere saker fra Innlandet