Hopp til innhold

Går inn for Mjøssjukehus på Moelv

Fleirtalet i styret i Sjukehuset Innlandet vedtok i dag å gå inn for eit nytt hovudsjukehus for Innlandet på Moelv, men med at det framleis blir akuttsjukehus på Lillehammer og i Tynset, og eit elektivt sjukehus i Elverum. Gjøvik og Hamar blir lagt ned med dette forslaget, og all psykiatri skal samlast på det nye sjukehuset.
3 av 11 representantar gjekk i mot forslaget. Det var styrerepresentantane Torbjørn Almlid (nestleiar), Ivar Gladhaug og Per Hillestad Christensen (ansattrepresentant frå sjukehuset på Hamar).

Dei argumenterte med at det er for store risiko knytta til det store prosjektet, og dei var kritiske til at Lillehammer sjukehus blir beholdt. Christensen argumenterte for det såkalte null pluss-alternativet, der sjukehusa ligg som i dag, men med nytt sjukehus på Hamar.

Styreleder Toril B. Ressen og Brukerutvalget argumenterte sterkt for eit hovudsjukehus i Moelv. Helse Sør-Aust skal etter planen avgjere saka endeleg i sitt møte 22.september.

Sykehuset Innlandet, avdeling Hamar
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK