Hopp til innhold

X-games til Dombås

Det blir X-Games kvalik på Dombås i mars. Det bestemte X-Games Norway i dag. Her kan deltakarane kvalifisere seg til X-Games på Lillehammer neste år.
Det har lenge vore tvil om Dombås-rennet skulle bli noko av, sidan regjeringa trakk tilbake pengane til arrangementet – og bad dei først bruke opp midlar dei ikkje brukte i fjor.

Snøbrettstjerna Marcus Kleveland er glad. – X Games-kvaliken på Dombås er viktig fordi da får vi park med internasjonal standard på Dombås. I fjor brukte vi den langt utpå våren. Parken gir rekruttering og kvaliken gir plassar til X Games Norway, seier Marcus Kleveland,

Marcus Kleveland på Winter X Games slopestyle-banen på Buttermilk i Aspen
Foto: Kelsey Brunner / AP